GRØN KUNNSKAP: Elevar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule.
GRØN KUNNSKAP: Elevar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule. (Foto: Spira Svendsen)

Sogn Jord- og Hagebruksskule er nominert til Matprisen 2018

Det skriv informasjonsansvarleg ved skulen i ei pressemelding.

Aurland: Sogn Jord- og Hagebruksskule er ein av tre nominerte til Matprisen 2018 i kategorien Årets formidlar.

Matprisen blei etablert i 2014 av ØQ, og er heile landet sin hyllest til dei som er med på å auka forbruket og produksjonen av økologisk og bærekraftig mat. 

– Det er veldig moro å få så god attest frå ein slik jury. Eg har nett gratulert kvar og ein ved skulen i ein e-post, seier rektor Aksel Hugo.

Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland er den einaste landbruksskulen i landet som blir drive 100 % økologisk, og dei har elevar frå både innland og utland.  

– Me er ikkje berre unike i norsk samanheng, men vår kompetanse er òg ettertrakta i utlandet, sa informasjonsansvarleg Spira Svendsen til Porten.no ved skulestart i august. 

Rektor: – God reklame 

REKTOR: Aksel Hugo. Foto: Elisabeth Fagerland

– Dei tilsette ved SJH formidlar økologi og bærekraft året rundt. Då betyr det mykje at nokon utanfrå løfter det fram og seier at arbeidet me gjer har kvalitet og er viktig, òg i ein litt større samanheng. Konkret er det òg veldig god reklame, både fagleg, inn mot næringslivet og med tanke på elevrekruttering, seier Hugo.

Rektoren trekkjer fram fordjupingsfaget i foredling på Vg2 og Vg3, der elevane følgjer gardsprodukta frå jord til bord, som eit område dei har jobba særskilt mykje med for å fremje god matformidling.

Grunngjevinga for nominasjonen

I grunngjevinga for nominasjonen skriv juryen:

"I 101 år har Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland utdanna ungdommar og vaksne i agronomi. Sidan sient på 1980-talet har skulen vore ei landslinja som tilbyr utdanning i økologisk landbruk og bærekraftig samfunnsutvikling. Skulen er den opplagte staden for alle som vil driva økologisk landbruk. SJH har gjennom kursvirksomheit utdanna mange av dei som driv med småskalaysting i dag. I tillegg til undervisning av elevane, blir det på SJH drive eit ressurssenter til glede for lokale mat- og serveringsverksomheiter. Sogn Jord- og Hagebruksskule har ei unik rolle i å forma eit framtidsretta og bærekraftig landbruk i Noreg."

Til toppen