Aurland: I desse dager vert det første fylkeskommunale solcelleanlegget i fylket montert på Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.
Anlegget dekkjer om lag 350 kvadratmeter av taka på fjøsen, ysteriet og gartneriet. Med ein effekt på 46 kWh er det venta ein årleg energiproduksjon på rundt 34 000 kWh. Bygge- og eigedomstenesta i fylkeskommunen reknar med at drifta på desse tre bygningane kjem til å vera nesten heilt dekka av solenergi om sommaren.
Prosjektet vert realisert saman med bygging av nytt ysteri og renovering av ekstisterande fjøs på skulen og er finansiert med miljøprosjektmidlar, skriv dei vidare.
Kleiven Sogn er generalentreprenør for prosjektet.