IKKJE NEDLEGGING: Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn meiner regionreform ikkje er det same som å legge ned distrikta. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes 
IKKJE NEDLEGGING: Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn meiner regionreform ikkje er det same som å legge ned distrikta. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes 

Sogn kan miste 578 arbeidsplassar i samanslåing

Indre Sogn kan risikere å miste 578 arbeidsplassar på grunn av den planlagde regionreforma til regjeringa.

Fylka har fått frist til 1. desember på å diskutere kven dei kan tenkje seg å slåast saman med. Stortinget har bestemt at dei 19 fylka skal reduserast til «om lag ti» regionar.

Klassekampen skriv at Sogn og Fjordane er blant dei mest utsette ved samanslåing, og i dette tilfellet kan 578 arbeidsplassar forsvinne frå kommunane Leikanger, Sogndal og Luster. NRK har også omtalt saka.

Les også: Leikanger kan bli ribba for statlege arbeidsplassar

Det er då venta at 900 vil flytte frå området, fastslår ein rapport frå revisjons- og rådgivingsselskapet BDO, levert på oppdrag frå dei tre kommunane.

– Regjeringa kastar veldig mange ballar i lufta samtidig. Det får store konsekvensar for heile Sogn, seier ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd (Ap).

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) meiner regionreform ikkje er det same som nedlegging av distrikta.

– Eg vil arbeide for at vi held på kompetansen. Ein bør derimot sjå på arbeidsfordelinga innanfor dei store regionane, seier han.

I den store debatten om samanslåing ser det ut til at Oslo blir skjerma.

– Eg forstår at Oslo ikkje vil gi slepp på privilegiet sitt, seier Helge André Njåstad (Frp), leiaren av kommunalkomiteen på Stortinget. 
 

Til toppen