ACTION: Under open dag på bana på Kaupanger var det mange barn og ungdommar å finne. Sogn motorsportklubb er i stor vekst og håpar at endå fleire melder seg på. (Foto: Youri van der Werve)

Sogn motorsportklubb aukar stadig – luftige svev på open dag

Stadig vel andre idrettar enn dei tradisjonelle lagidrettane. Dette merka ein godt på open dag på Kaupanger, då mange prøvde seg på nokre rundar rundt bana.

Kaupanger: – Me vil visa kva som skjer her og kva med driv på med, seier Yngve Dahl frå Sogn motorsportklubb

På bana på Kaupanger var det mogleg for kven som helst å komma og ta seg nokre rundar. Mange nytta sjansen og bana var full av ungar og ungdommar.

– Me køyrer ei vanleg trening, sånn som me gjer kvar laurdag, men har laga litt ekstra med kiosk og slikt, seier Dahl.

På bana kan du køyra både motorsykkel og firehjuling. For å sleppa må d ha fylt minst fem år. Klubben har motorsyklar til leiga som passar frå dei minste og opp til 16-års alderen. Desse blei flittig brukte gjennom dagen.

Fleire eldre ungdommar blir med

Sogn motorsportklubb har rundt 60 medlemmar.

– Me er jamnt tjue på treningane, og det er rikeleg med sjansar for dei som har lyst å prøva litt. Me har pågang av nye medlemmar meir eller mindre heile tida. Det dukkar stadig opp nye fjes.

Dahl synast det er spesielt morro å sjå eldre ungdom frå lokalmiljøet på bana.

– Av og til har dei hatt lyst til det lenge og så berre kjøpt seg ein sykkel for å prøva. Dette er ikkje noko berre for dei minste, seier Dahl.

Stor støtte frå lokalmiljøet

Om medlemstala held fram å auka slik som dei har gjort, har klubben planane klare for vidare utvikling. Økonomien bør i det minste ikkje vera noko hinder.

– Me driv ein god del med utleige av området til køyreskular og biltilsynet. I tillegg driv me asfaltbane der det blir arrangert arrangement og drifting. Klubben gjer nok til at økonomien aukar, seier Dahl

Han håpar klubben vil fortsetta å veksa.

– Det blir fort for mykje merksemd på lagidrettar. Det må vera noko for alle. Det trur eg er grunnen til at me klarer å laga eit miljø og at fleire har lyst å vera med, seier Dahl.

Til toppen