HEIDERLEG: Ingen har færre betalingsmerknader enn folk i Sogn og Fjordane. Illustrasjonsfoto
HEIDERLEG: Ingen har færre betalingsmerknader enn folk i Sogn og Fjordane. Illustrasjonsfoto (Foto: Illustrasjon)

Sogn og Fjordane det mest heiderlege fylket

Ingen har færre betalingsmerknader enn folk i Sogn og Fjordane, viser statistikk frå analyseselskapet Experian.

Berre 2,3 prosent av befolkninga i fylket hadde betalingsmerknader i fjor, mens landsgjennomsnittet var på 4,1 prosent.

Samtidig er konkursraten lågare enn i noko anna fylke, viser statistikken. Mens 0,16 prosent av selskapa i Sogn og Fjordane har gått konkurs dei siste tolv månadene, er landsgjennomsnittet på 0,42 prosent.

– Sogn og Fjordane er heilt unikt i Noreg. Få selskap går konkurs, og innbyggjarane har sjeldan problem med å gjere opp for seg. Her har folk rett og slett orden i sysakene sine, seier administrerande direktør Frode Berg i Experian.

Han meiner forklaringa er høg grad av tillit og at folk har moral til å gjere opp for seg.

Experian peikar òg på at Sogn og Fjordane her den lågaste arbeidsløysa i landet. Fylket har eit stort innslag av offentlege arbeidsplassar, mindre innslag av nyetableringar og mange godt etablerte bedrifter, og det gjer sitt til å skape stabile forhold.

Til toppen