Luster: I 2015 vart det produsert 1 485 tonn her i fylket, og dette utgjorde 64 prosent av produksjonen i landet.
På heile 2000-talet har Sogn og Fjordane hatt den største bringebærproduksjonen i landet, og produksjonen har hatt ein god auke dei siste åra. Frå 2011, som var eit dårleg bærår, er det ein auke frå 1072 tonn til 1 475 tonn i 2015. I prosent utgjer dette 38 prosent.
– Framover er det venta fortsatt vekst i denne produksjonen. Årsaka til dette er mellom anna innføring av dyrkingstunellar. Dette gjev betre kontroll i alle stadia av produksjonen, ein unngår vanskar med for mykje nedbør, og oppnår generelt betre dyrkingsklima. I tillegg vert det utvikla nye og betre sortar som snart er klar til dyrking.
Dyrikinga av bringebær går føre seg i Nordfjord og Indre Sogn, og i dag er det 141 bærdyrkarar i fylket.
Det er Vik kommune som produserer mest med 478 tonn. Deretter kjem Stryn med Luster på ein god tredjeplass.