NPK-NTB: Det blir oppretta eige dyrepoliti i både Hordaland og Sogn og Fjordane, og i Oppland og Hedmark. Dermed er det til saman fem regionar med dyrepoliti i landet.
Frå før har både Østfold, Rogaland og Trøndelag eigne politieiningar som etterforskar kriminalitet mot dyr og førebur slike saker overfor domstolane.
Etter at Høgre, Frp, Venstre og KrF i forhandlingane om statsbudsjettet for 2018 blei samde om at det skal opprettast to nye dyrepolitieiningar, er det klart at valet fall på politidistrikta Vest og Innlandet.
– Dette er ein stor siger for Vestlandet. Frp ønskjer eit landsdekkjande dyrepoliti og tar no enda eit skritt på vegen ved å opprette ei eiga dyreeining på Vestlandet. Tryggleiken for dyra og dyreeigarar på Vestlandet blir no sterkare enn nokon gong tidlegare, seier Helge André Njåstad i Frp.
Også i Høgre og Venstre er ein godt nøgd med opprettinga av dei nye einingane.
– Vi veit at det erfaringsmessig er kort veg frå mishandling av dyr til mishandling av menneske. Derfor kan dyrepolitiet òg hindre annan kriminalitet, seier Peter Christian Frølich (H).
– Venstre kjempar for dyrevelferd i Noreg. Derfor var det viktig for oss å sørgje for at fleire deler av landet fekk dyrepoliti, seier Sondre Hansmark, leiar for Unge Venstre.