SAMANSLÅING: Frå 1. juli er Sogn tingrett historie, og Sogn og Fjordane tingrett med hovudsete i Førde blir fylkets einaste tingrett. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
SAMANSLÅING: Frå 1. juli er Sogn tingrett historie, og Sogn og Fjordane tingrett med hovudsete i Førde blir fylkets einaste tingrett. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.  (Foto: Arkivfoto/Ina Eirin Eliassen)

Sogn og Fjordane får éin tingrett

Regjeringa har vedteke at Sogn tingrett og Fjordane tingrett vert slått saman til éin domstol med hovudsete i Førde. Namnet på den nye samanslåtte domstolen vil vere Sogn og Fjordane tingrett. 

Bakgrunnen for samanslåinga er at sakene i domstolane har blitt meir komplekse og tidkrevjande, noko som stiller dei minste domstolane overfor faglege og kapasitetsmessige utfordringar.

Talet på innbyggjarar i rettskretsen vil vere cirka 108.000 personar og det vil vere cirka 20 tilsette i den nye tingretten. Samanslåinga vert sett i verk 1. juli 2017. 

Les også: Vil slå saman Sogn tingrett

Dette vart endeleg beslutta av regjeringa i statsråd 3. februar. Dagens kontor og rettsstader blir oppretthaldne går det fram på regjeringen.no.

Til toppen