EINSTEMMIG: Fylkestinget vedtok i går samrøystes at det skal innførast eit mobbeombod i Sogn og Fjordane innan 1. august.
EINSTEMMIG: Fylkestinget vedtok i går samrøystes at det skal innførast eit mobbeombod i Sogn og Fjordane innan 1. august. (Foto: Arkiv/Sogn og Fjordane fylkeskommune.)

Sogn og Fjordane får mobbeombod

Innan 1. august skal Sogn og Fjordane ha eit eige mobbeombod for born og elevar i fylket. Det bestemte politikarane i fylkestinget tysdag.

Sogndal: Dei siste 20 åra har det vore mange forsøk på å redusera talet elevar som vert mobba, utan at det har verka.

Ordninga med mobbeombod blir no testa ut over heile landet, på initiativ frå Kunnskapsdepartementet. Stillinga er eit spleiselag mellom stat og fylkeskommune.

Tysdag sa politikarane her i fylket ja til å innføra ordninga til hausten.

Mobbeombodet skal støtta og rettleia born, elevar og deira føresette, slik at flest mogleg skal ha det bra i barnehagen og skulen. Mobbeombodet kjem i tillegg til elev- og lærlingombodet i Sogn og Fjordane, som mellom anna jobbar med mobbesaker i den vidaregåande skulen.

Politikarane bestemte òg at alle dei vidaregåande skulane skal innføra ein «mobbeknapp» på heimesida. Fleire kommunar og fylkeskommunar har allereie innført ein slik knapp, og tanken er at det skal gjera terskelen for å melda frå om mobbing lågare. 

Til toppen