SAMAN: Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (f.v), fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal. Frå 2020 blir fylka deira samanslegne om dei vidare forhandlingane ikkje strandar. Arkivfoto: Ida Grøttevik Slettevoll, KS. 
SAMAN: Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (f.v), fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal. Frå 2020 blir fylka deira samanslegne om dei vidare forhandlingane ikkje strandar. Arkivfoto: Ida Grøttevik Slettevoll, KS. 

Sogn og Fjordane får to halve hovudutval

Veg og kultur blir tildelt Sogn og Fjordane i den nye Vestlandsregionen. Det utgjer to halve hovudutval av fire. 

Førde: – Intensjonsplanen er eit grunnlag for ein sterk Vestalandsregion. For Sogn og Fjordane er det viktig at vi her har eit tungt ansvar for veg og kultur, og Vestlandsregionen har slutta opp om at hovudsetet for Fylkesmannsembetet skal vere i Sogn og Fjordane, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Det er forhandla fram einigheit om at administrativ og politisk leiing i den nye Vestlandsregionen skal leggjast til Bergen, Hordaland. Det inneber at regionting, regionutval og administrasjonssjef skal halde til her, og får ansvar for overordna strategisk samordning og styring av Vestlandsregionen. 

– Ein balansert modell

Intensjonsplanen definerer vidare korleis den administrative og politiske leiinga skal organiserast i Vestlandsregionen. Det betyr blant anna ein utvalsstruktur med eit regionutval i staden for dagens fylkesutval og fire hovudutval. 

Den politiske organiseringa inneber eit regionting, eit regionutval og følgjande fire hovudutval: 

  • Samferdsle
  • Næring
  • Opplæring
  • Kultur og idrett

Den administrative leiinga i dei to hovudutvala for høvesvis næring og opplæring skal liggja i Rogaland. Samferdsle er delt i to; veg og kollektivtransport. Sogn og Fjordane får den administrative leiinga for det første, Rogaland for det andre. I det siste hovudutvalet får Sogn og Fjordane den administrative leiinga for kultur, Rogaland for idrett.

Fylkesordførar Jenny Følling er nøgd med det:

– Ein balansert modell med spreiing av arbeidsplassar har heile tida vore viktig for oss, og det å tilby gode tenester nær brukarane står no sentralt i planen. Det har vore tøffe forhandlingar der alle har måtte gje og ta, men viljen til å finne ei løysing var sterk.  Eg vonar vi kan ta med oss denne viljen i den vidare prosessen i haust.

Rogalendingane meiner dei får for lite

Men administrativ leiing for to heile og to halve hovudutval er ikkje nok for Janne Johnsen, gruppeleiar for Høgre i fylkestinget i Rogaland og medlem av forhandlingsutvalet

– Denne avtalen har eg vanskar med å anbefale til mi eiga fylkestingsgruppe.

Vidare seier ho til Bergens Tidende. 

– Hordaland er peikt på som administrasjonssenter. Berre ved det har vi gitt mykje allereie. Men Rogaland og Hordaland er jamstore. Korleis veg ein opp for det? Det må vere ein regional balanse. Det har vi ikkje oppnådd, seier Johnsen til avisa.

Til NRK seier same Johnsen at også Sogn og Fjordane har fått for mykje i høve Rogaland. Det ligg også an til krangel om kva som skal vera hovudmål i regionen utifrå uttalingane til fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal:

– Det er ikkje naturleg for oss om nynorsk blir hovudmål. Vi anerkjenner at nynorsk er viktig på Vestlandet, men vi er ikkje med på å gjere det til hovudmål for heile regionen.

Bergensavisen: "Hordaland  en deilig kake det er bare å forsyne seg fra"

Sjølv om Bergen altså ser ut til å bli hovudsete med politisk leiing og fylkesrådmann, skriv Bergensavisen følgjande:

"I både Firda og i lokalavisen for Stavanger, Aftenbladet, fremstilles Hordaland mer eller mindre som en deilig kake det er bare å forsyne seg fra.

På fremsiden til Aftenbladet i dag står det: «Har ikke gitt opp håpet om å snyte Bergen for fylkestinget og hovedadministrasjonen». For Rogaland skal også ha krevd at de skal bli regionens hovedstad, i tillegg til det meste annet – altså."

Intensjonsavtalen skal opp til politisk behandling i dei tre fylkestinga, fyrst i oktober, og deretter i revidert utgåve i desember.

Til toppen