Sogn og Fjordane fekk tretti statlege millionar til breiandutbygging. Det er elleve millionar meir enn nummer to på lista, Sør-Trøndelag, og fjorten meir enn nummer to, Nord-Trøndelag.
Dei fleste fylka som har søkt om desse pengane får ein plass mellom to og sju millionar i tilskot.
– Fleire stader i vårt fylke har slik geografi og folketal at det er av stor betydning at Staten hjelper til, seier Vidar Grønnevik, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre i ei pressemelding.
Les også: Fylket får tretti millionar til superrask internett
Det er Høgre, FrP, KrF og Venstre som har samarbeidd om løyvinga gjennom statsbudsjettet. Men godt arbeid lokalt fortener òg sin del av æra.
– Det er all grunn til å rose det gode samarbeidet i vårt fylke gjennom IT-forum og mange gode søknader frå kommunane, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).
– Du kan bu og jobbe godt i distriktsnorge, men det er viktig at storsamfunnet hjelper til med til dømes breiband. Vårt fylke har mange verksemder spreidd rundt ulike bygdelag og difor er det veldig bra at utviklinga av nettilgangen held fram, seier fylkesleiar Grønnevik.