(Foto: CARE)

TV-aksjonen: Aurland gav langt over gjennomsnittet

Under TV-aksjonen i går blei det samla inn 221 397 336 kroner. Folk i Aurland gav 104 kroner per innbyggjar noko som er meir enn 60 kroner høgare enn landsgjennomsnittet.

Sogn og Fjordane: I løpet av gårsdagens TV-aksjon blei det samla inn 219 887 346 kroner totalt fram til 23.30. Av totalt 18 fylker i Noreg var det Sogn og Fjordane som gav mest. Like før midnatt blei det presentert på direktesendt TV at innbyggjarane i fylket, i gjennomsnitt har gjeve 54,38 kroner per innbyggjar.

TV-aksjonen

TV-aksjonen har blitt arrangert ein søndag i oktober kvart år siden 1974.

Årets TV-aksjon går til CARE sitt arbeid for kvinner sine rettar. 400 000 kvinner skal få moglegheit til å tena sine eigne pengar, bestemma over eigen kropp og få sin stemme høyrd..

TV-aksjonen NRK den største innsamlingsaksjonen i verda. Kvart år besøker 100 000 bøssebærarar alle dei 2,3 millioner heimane i Noreg.

Over 7 000 frivillige jobbar fram mot aksjonsdagen for å mobilisera 100 000 bøssebærarar.

Siden 1974 har det norske folk samla inn over ni milliardar kroner. Dei har gjeve titalls millionar mennesker livsviktig hjelp.

​TV-aksjonsmidlane som blei samla inn i løpet av TV-aksjonen i går kveld går til CARE sitt arbeid i ni land: Niger, Mali, Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina. 

CARE skal gje minst 400  000 kvinner moglegheit til å starta eigen bedrift, få eigen inntekt, starta eigne spare- og lånegrupper, og få ei stemme i politikken og i lokalsamfunnet.

Sjå landsoversikta her.

Skuffa om me ikkje låg på topp

Anne Kauppi som leia TV-aksjonen i Årdal hadde eit mål om å nå 400.000 kroner i kommunen, men nådde det akkurat ikkje. 

– Det var mange som ikkje var heime, og dei som var heime hadde ikkje kontantar. Men det var òg mange som vippsa, og eg har ikkje sjekka om det som vart vippsa kjem inn på kommuneresultata, seier ho, og trur det kan ha vore årsaka til at dei ikkje nådde målet.

Men sjølv om kommuneresultatet ikkje vart som håpa, låg fylket på topp.

– Det hadde faktisk skuffa meg om me ikkje hadde vore det. Folk i Sogn og Fjordane er oppteken av verda og samfunnet rundt oss. Det er ikkje dei rikaste folka som bur her, men likevel mange omtenksomme, seier ho.

Ho påpeika at alle kommunar i heile fylket utanom to låg over landsgjennomsnittet per innbyggar. Men noko nokon

– Me kunne utfordra bedriftene og næringslivet litt meir. Ein kan gi pengar ut året, så eg skal ta ein runde på det her i Årdal. Også skal me tenke meir på det til neste år, og mobilisere det litt betre, seier ho. 

Innsamling i Indre Sogn

I Indre Sogn er det Aurland som har gjeve mest per innbygger, men Sogndal som har gjeve mest totalt.

Kommune Totalbeløp i kommunen Per innbyggjar
Sogndal  420.000,-  51,36,-
Årdal  373.817,-  71,27
Luster  342.919,-  66,01,-
Aurland  184.307,-  104,48,-
Vik  132.006,- 49,40,-
Lærdal  123.125,-  57,24,-
Leikanger  120.340,-  51,63,-
Balestrand  51.297,-  40,11,-

Innsamling i Ytre Sogn

I Ytre Sogn er det Høyanger som har gjeve mest totalt og mest per innbyggjar.

Kommune Totalbeløp i kommunen Per innbyggjar

Høyanger

 281.692,-  68,86,-

Gulen

 98.606,-  42,47,-
Til toppen