POSITIVE TAL: Knut Vareide på presentasjonen i Stryn 22. mars. Pressefoto
POSITIVE TAL: Knut Vareide på presentasjonen i Stryn 22. mars. Pressefoto

Sogn og Fjordane klarar nedgangstider betre enn landet elles

Ein regional analyse bestilt av Sogn og Fjordane fylkeskommune, syner at 2016 var eit godt år for fylket på fleire område.

Analysen er utarbeida for Sogn og Fjordane fylkeskommune av Knut Vareide ved Telemarksforsking, går det fram av ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Innhaldet vart presentert for ei allsidig forsamling av forskarar, næringslivsfolk og folk frå offentleg administrasjon i Stryn 22. mars.

– Sogn og Fjordane gjer det best når det går mindre bra for resten av landet, sa Knut Vareide ved Telemarksforsking.

Regional analyse gir ein tendens for samfunnsutviklinga. Den syner at 2016 var eit godt år for Sogn og Fjordane, både med omsyn til flyttetal og økonomi i bedriftene. Statistikk over fleire år syner at fylket klarar nedgangstider betre enn landet elles. 

– Ein slik analyse kan ikkje lesast som ei endeleg og utfyllande oversikt over status i fylket og i kommunane. Det er viktig at ein slik analyse blir støtta av eigne vurderingar for å sikre ein læringseffekt, sa fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.

Hovudpoeng i rapporten for 2016

Næringsattraktivitet

  • Næringsattraktiviteten i SFJ har vore svakt negativ i åra etter år 2000 samla sett. Det har blitt skapt om lag 350 færre arbeidsplassar enn venta i femtenårsperioden.
  • Differansen mellom venta og reell sysselsetjingsutvikling skuldast hovudsakleg svake tal innanfor industri og primærnæringane. Sysselsetjingsutviklinga innanfor statleg og fylkeskommunal verksemd er også svakare enn venta.
  • Kommunal sektor har hatt sterkare sysselsetjingsutvikling enn venta.
  • Næringsattraktiviteten i fylket har utvikla seg positivt. Den var svakare i byrjinga av tusenåret, enn den har vore dei siste fem åra.
  • Samanlikna med dei andre fylka var næringsattraktiviteten i SFJ rangert midt på treet i åra 2011-15. 10 fylke har sterkare næringsattraktivitet, 9 har svakare.

Bustadsattraktivitet

  • SFJ har hatt låg bustadsattraktivitet dei fleste åra etter tusenårsskiftet. Men 2015 er det fyrste året sidan 2009 der denne er positiv.
Til toppen