BARNEHUS: – Det er også viktig at vi i Sogn og Fjordane har ein eigen kompetanse og eigne ressursar å setje inn når vi får saker der det vert gjort overgrep mot born og unge, skriv fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap). Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
meiningar
BARNEHUS: – Det er også viktig at vi i Sogn og Fjordane har ein eigen kompetanse og eigne ressursar å setje inn når vi får saker der det vert gjort overgrep mot born og unge, skriv fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap). Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
meiningar

Sogn og Fjordane må få eige Barnehus

Les kommentaren av fylkesordførar Åshild Kjelsnes, i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. 

For Arbeiderpartiet er det viktig med tiltak som vernar om dei som er svakast og mest utsett. Det er også viktig at vi i Sogn og Fjordane har ein eigen kompetanse og eigne ressursar å setje inn når vi får saker der det vert gjort overgrep mot born og unge.

Frå oktober 2015 gjer Regjeringa det obligatorisk å nytte Statens Barnehus ved avhøyr av born i slike saker. Det vil føre til at omfanget av bruken av Barnehusa vert sterkt utvida og det vert mindre høve til at avhøyr kan leggjast til ein av tingrettane i fylket. Dette vil føre til auka reisetid og auka belastning for dei det gjeld.

Arbeiderpartiet meiner at det ikkje er forsvarleg at born og unge i Sogn og Fjordane har lang reisetid til Barnehusa i Bergen og Ålesund. Det er i hovudsak situasjonen i dag og dette vil auke med innskjerpa regelverk. Lange reiser skaper unødig uro og meirbelastning i ein allereie sterkt belastande situasjon for ei sårbar gruppe. Dette er ikkje akseptabelt og det må derfor etablerast eit Statens Barnehus i Sogn og Fjordane.

Barnehusa er ei delt oppgåve mellom Barne- familie- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. Vi i Arbeiderpartiet forventar at dei ansvarlege departement raskt finn saman for å etablere eit Barnehus i Sogn og Fjordane. I ein overgangsfase, for å bygge opp kompetansen i eige fylke, kan ein satellitt under eksisterande kompetansemiljø vere ei minimumsløysing, men det hastar.

Born og unge i fylket vårt fortener den same rettstryggleiken som andre born, utan større belastning enn andre. Borna sitt beste må alltid ha hovudfokus.

Til toppen