MEIR: Erling Sande (Sp) meiner det må sikrast at vegane i Sogn og Fjordane får meir av dei statlege veg-millionane som har blitt delte ut i samband med koronakrisa.
MEIR: Erling Sande (Sp) meiner det må sikrast at vegane i Sogn og Fjordane får meir av dei statlege veg-millionane som har blitt delte ut i samband med koronakrisa. (Foto: Senterpartiet/Flickr)

MEININGAR

Sogn og Fjordane må få større del av vegmidlane

–  Det er lite lysteleg lesnad dersom ein bur i nordre del av det nye Vestland fylke. Prosjektmidlane på vestlandet skal i all hovudsak gå til dei store vegprosjekta mellom Bergen og Stavanger, skriv Erling Sande om fordelinga av samferdslemillionane i samband med koronautbrotet.

Meiningar: I skuggen av koronautbrotet har Statens Vegvesen kome med innspel over kva riksvegstrekningar dei vil prioritere i perioden som kjem. Det er lite lysteleg lesnad dersom ein bur i nordre del av det nye Vestland fylke. Prosjektmidlane på vestlandet skal i all hovudsak gå til dei store vegprosjekta mellom Bergen og Stavanger.

Dersom vår del av den nye regionen kjem i skuggen når dei statlege vegmidlane for den komande perioden vert fordelt, så vil eit av argumenta mot fylkessamanslåinga vere eit faktum allereie. 

Erling Sande

Vegvesenet viser til at dei svarar på ei bestilling frå regjeringa der samfunnsnytte er eit viktig kriterium, og at framlegget skal politisk handsamast. Det svaret er ikkje nytt. Korleis ein definererer samfunnsnytten er i seg sjølv verdt ein diskusjon. Men med dagens definisjon ville ei prioritering utelukkande basert på samfunnsnytte for Norge som heilskap, i endå større grad prioritert folketette områder på det sentrale austlandet. Difor har Vegvesenet både no og tidlegare vurdert samfunnsnytte opp mot at vegmidlane skal kome heile landet til gode. Sjølv om ressurskrevande samferdsleprosjekt rundt dei største byane også tidlegare har teke ein stor del av midlane i den nasjonale transportplanen har Vegvesenet forstått at framlegget måtte vere balansert slik at dei mindre folkerike delane av landet også har fått med nokre av sine viktigaste samferdsleprosjekt – så kva er annleis no? Vel, anten må dei ha fått endå tydelegare signal frå Solbergregjeringa om å prioritere dei kriterier som tenar dei største byane, eller så har dei vurdert det slik at med den nye fylkesinndelinga – så har sogningar og fjordingar fått sin del av kaka ved at sambandet mellom Bergen og Stavanger vert utbetra. Kanskje er det ein kombinasjon.

Det er i allefall ingen tvil om at dei ikkje lenger må ta omsyn til eit «brysamt», tydeleg og tverrpolitisk fylkesting i Sogn og Fjordane som peikar på samferdslebehova for sogningar og fjordingar, – men no kan forholde seg til ein ny vestlandsregion der fylkestinget vil ha sterkt ulike meiningar om kvar vegmidlane skal brukast. 

Den politiske handsaminga av transportplanen gjenstår. Og tidlegare har tradisjonen vore at politikarane har sikra større ramme og betre fordeling enn det vegvesenet har lagt opp til i sine framlegg. Men kvar startplanken ligg har sjølvsagt vore viktig for kor langt ein kjem, og framlegget frå vegvesenet vil gjere oppgåva vanskelegare for politikarar frå vårt område denne gongen.  

I den politiske handsaminga kviler det no eit stort ansvar på dei parti og politikarar som var sterke tilhengarar av fylkessamanslåinga. Dersom vår del av den nye regionen kjem i skuggen når dei statlege vegmidlane for den komande perioden vert fordelt, så vil eit av argumenta mot fylkessamanslåinga vere eit faktum allereie. 

Til toppen