STADIG FLEIRE: Sogndal fekk flunkande nye hurtigladarar i mai. Ei undersøking av Grønn kontakt viser at Sogn og Fjordane har størst tettleik av hurtigladestasjonar samanlikna med talet el-bilar. Foto: arkiv.
STADIG FLEIRE: Sogndal fekk flunkande nye hurtigladarar i mai. Ei undersøking av Grønn kontakt viser at Sogn og Fjordane har størst tettleik av hurtigladestasjonar samanlikna med talet el-bilar. Foto: arkiv.

– Sogn og Fjordane med beste ladedekning i landet

Med 19 ladestasjonar har Sogn og Fjordane det beste tilbodet i landet i forhold til talet på elbilar som rullar i fylket, ifølgje Grønn kontakt.

  • Endret

– Det er uproblematisk å køyre elbil langs hovudvegane i Sogn og Fjordane. Det krev ingen særleg planlegging lenger, seier dagleg leiar Ole Henrik Hannisdahl i Grønn kontakt til NRK. Selskapet hans er eigd av 23 kraft- og nettselskap i heile i landet.

Les også: Om eitt år kan du hurtiglada kvar femte mil
Les også: Her er Sogndals første hurtigladestasjonar på plass

Dei fekk anbodet på å byggje ut hurtigladestasjonar langs E39, riksveg 5 og riksveg 15, og har 14 av stasjonane. Kravet til å få statlege løyvingar er at det ikkje skal vere meir enn fem mil mellom kvar stasjon.

Ved utgangen av mars i år var det 725 registrerte elbilar i Sogn og Fjordane.

– Målt per elbil er Sogn og Fjordane fylket med best ladedekning. Talet på hurtigladestasjonar har vakse fort fordi styresmaktene har bidrege med støtteordningar, forklarar Hannisdahl.

Til toppen