FELLES FYLKESMANN: Etter statsråd fredag blei det klart at Hordaland og Sogn og Fjordane får felles fylkesmann. 
FELLES FYLKESMANN: Etter statsråd fredag blei det klart at Hordaland og Sogn og Fjordane får felles fylkesmann.  (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Sogn og Fjordane og Hordaland får felles fylkesmann

I Sogn og Fjordane blir det om lag like mange tilsette og ikkje færre arbeidsplassar.

Leikanger: I statsråd fredag blei det klart at Sogn og Fjordane og Hordaland får felles fylkesmann. 

Det er heilt i tråd med det kjelder sa til Porten.no tidlegare denne veka, men då var det ingen som ville stadfeste dette sikkert. Fredag vert dette stadfesta i ei pressemelding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Når kommunar og fylke endrar grenser, må også staten tilpasse seg, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) i pressemeldinga.

Dei nye endringane trer i kraft frå 1. januar 2019.

Beheld arbeidsplassane

For fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane vert desse slått saman til eitt embete med delt lokalisering. Det er ikkje bestemt kor hovudsetet skal vere, men det som vert gjort klart er at Sogn og Fjordane ikkje vil miste arbeidsplassar.

– For å få ein god regional balanse i offentlege arbeidsplassar, ønskjer regjeringa å vurdere fylkesmannens lokalisering i samanheng med lokalisering av fylkeskommunane sin administrasjon, seier Sanner.

Det vert fastslått at lokalisering i både Sogn og Fjordane og Hordaland vert oppretthalde. I Sogn og Fjordane blir det om lag same tal tilsette og ikkje færre arbeidsplassar.

– Det er viktig at me får gode omstillingsprosessar og at dei tilsette vert ivaretatt på ein best mogleg måte, seier Sanner. Ingen av dei tilsette vil miste jobben, men må vere førebudd på å måtte bytte arbeidsoppgåve og/eller arbeidsstad.

Skal ivareta folks rettstryggleik

Fylkesmannen sine oppgåver er først og fremst retta mot kommunane, men embeta har også enkelte oppgåver mot innbyggjarane og næringslivet. 

Ei av fylkesmannens hovudoppgåver er å ivareta folks rettstryggleik som likebehandling, habilitet og rettferd gjennom tilsyn med kommunane og behandling av klager på kommunale vedtak.

Fylkesmannen har også eit spesielt ansvar for å samordne dialogen mellom stat og kommune.

Til toppen