NATUR: Tyske N-TV sende dette paret på tur med bubil frå Bergen til Sogn, der dei var innom Flåm og padla kajakk for så å vitja Årdal med Vettisfossen som klimakset for turen. Nettopp kombinasjonen camping og natur ser ut til å vera ein trend i følgje NHO Reiseliv. Skjermdump frå N-TV
NATUR: Tyske N-TV sende dette paret på tur med bubil frå Bergen til Sogn, der dei var innom Flåm og padla kajakk for så å vitja Årdal med Vettisfossen som klimakset for turen. Nettopp kombinasjonen camping og natur ser ut til å vera ein trend i følgje NHO Reiseliv. Skjermdump frå N-TV

Sogn og Fjordane på campingtoppen

Ingen andre fylke har hatt større campingvekst enn Sogn og Fjordane så langt i år.

Til saman hadde fylket fram til september i år hatt 422.306 campingovernattingar. Det er nesten 71.000 fleire enn i same perioden i fjor og ein vekst på 20 prosent, ifølgje NHO Reiseliv. Tala byggjer på statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

På andre plass kjem Oppland med 65.453 fleire campinggjester. Til saman kunne fylket notera seg 838.190 campingovernattingar fram til september.

Møre og Romsdal følgjer på tredje plass. Dei ni første månadene i år hadde fylket vel 392.000 campingovernattingar. Det er over 63.000 fleire enn i same periode i fjor og ein auke på 19 prosent.

Les også: ..og campingverksemdene hadde 22 prosent auke

Les også: Slik lokkar dei turistane til Sogn

Fleire enn i heile fjor

Ser ein på statistikken frå heile fjor samanlikna med tala frå januar til september i år, viser tala at sju fylke har hatt fleire campingovernattingar dei ni første månadene i år enn i heile fjor.

Møre og Romsdal er det fylket som toppar veksten i denne perioden med 45.000 fleire campingovernattingar i denne perioden, medan Sogn og Fjordane kjem på andre plass med nesten 43.000 fleire gjestedøgn i perioden januar-september 2016 enn i heile fjor.

Naturen lokkar

Avdelingsleiar for camping i NHO Reiseliv Jan-Henrik Larsen meiner naturopplevingar er den viktigaste forklaringa på at camping er så populært i fjordfylka.

– Eg trur det er dei naturbaserte opplevingane som trekkjer folk til campingplassane i fjordfylka. Mange av gjestene bur i urbane strøk til dagleg, og då vil dei ha det roleg og fredeleg og bruka naturen som oppleving når dei har fri. Det er ein trend som gjer seg gjeldande i stadig større grad, seier han.

Les også: Dette utsynet er «krydder» for reiselivssatsinga her..

Han meiner dessutan at Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er døme på fylke som har oppgradert campingplassane sine for å leggja til rette for nye grupper. Til dømes barnefamiliar, oppstilling av bubilar og nye serviceanlegg.

SSB reknar med at 2016 kjem til å bli eit rekordår for campingturisme med det høgste talet på campinggjestedøgn som er registrert sidan statistikkrapporteringa blei lagt om i 2013.

Tysdag 24. november er NHO Reiseliv medarrangør for ein konferanse på Lillehammer om korleis ein skal få campingnæringa i Noreg til å halda fram med å veksa. (©NPK)

Til toppen