LANSERT: Boka «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane» tar for seg femti av dei største idrettsstjernene frå Sogn og Fjordane.
LANSERT: Boka «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane» tar for seg femti av dei største idrettsstjernene frå Sogn og Fjordane. (Foto: Youri van der Werve)

NRK-journalisten har samla dei største idrettsstjernene i fylket i èi bok

Under Idrettens Møteplass som blei arrangert på Sogndal VGS i dag lanserte Rune Fossum Lillesvangstu boka «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane».

Sogndal: to og eit halvt år jobba Rune Fossum Lillesvangstu med boka «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane» og i dag blei ho lansert under eit seminar i Sogndal. Det berre èin dag etter at Lillesvangstu fekk halda boka i hendene for første gong.

FØREDRAG: Johan Kaggestad heldt eit føredrag om talentutvikling.
FØREDRAG: Johan Kaggestad heldt eit føredrag om talentutvikling. Foto: Youri van der Werve

«Allsidig grunnlag for å nå toppen»

Før boka blei lansert var  Johan Kaggestad på besøk og heldt foredraget «Allsidig grunnlag for å nå toppen». Salen var fylt med trenarar og andre idrettsinteresserte. Med ein komisk vri fortalde han om erfaringane sine og kom med råd og tips.

Arne Haukås

– Storløparen Arne Haukås var den første som blei intervjua og starta heile prosjektet, fortalde Lillesvangstu under boksleppet. Arne Haukås vaks opp på ein gard på Haukås i Kaupanger og var den første vestlendingen som klarte å henga på dei store skistjernene.

Etter møtet med Haukås blei det mange møter med forskjellige idrettsstjerner frå Sogn og Fjordane og dei fleste av dei 50 har Lillesvangstu faktisk møtt.

PUBLIKUM: Mange møtte opp for å høyra på Kaggestad og få med seg lanseringa av boka.
PUBLIKUM: Mange møtte opp for å høyra på Kaggestad og få med seg lanseringa av boka. Foto: Youri van der Werve

Nokre kriterium

– Å velje dei 50 var ikkje enkelt. Eg kunne enkelt ha skrive om meir enn hundre, fortalde Lillesvangstu.

Nokre kriterium var der, det skal vere ein olympisk idrett og utøvaren skal ha gjort det bra på internasjonalt nivå eller brøyta bane for andre innanfor idretten.

Til toppen