Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
meiningar
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
meiningar

Sogn og Fjordane som eige fylke

MEINING: Slå ring om Sogn og Fjordane! Nei til regionreforma!

Det var ein trist dag då fylkestingsfleirtalet gjekk for ein intensjonsavtale om å slå Sogn og Fjordane saman med Hordaland. Det er difor gledeleg når det no kan se ut som om Sogn og Fjordane Ap har byrja å komme på betre tankar. 

Sogn og Fjordane Ap meiner at intensjonsavtalen om samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane ikkje er følgt opp, og vil difor røyste nei til samanslåing. I motsetnad til Hilmar Høl og Sogn og Fjordane Ap er vi i Raudt Sogn og Fjordane mot samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland uavhengig av om det regionale nivået i Noreg får fleire oppgåver eller ikkje. Til NRK Sogn og Fjordane seier Høl at «Dersom nye oppgåver blir tilført i tilstrekkelig grad, og intensjonsavtalen vert følgt opp, så vil vi støtte at forhandlingane om samanslåing vert fullført». Sogn og Fjordane Ap har med andre ord ikkje stengt døra heilt for samanslåing. Vi oppmodar dei til å stenge den døra, ein gong for alle. Uavhengig av om fylka får fleire oppgåver eller ikkje, må Sogn og Fjordane bestå som eit eige, sjølvstendig fylke. 

Det er ikkje noko fylke som er perfekt, men for å sitere ein artikkel om Sogn og Fjordane frå forskning.no (2014): “Fylket har (...) høg levealder, god helse, få skilsmisser, låg arbeidsløyse, få på sosialstønad, låg kriminalitet og lågt rusmisbruk.” Vidare har Sogn og Fjordane den lågaste delen av bruk av angstdempande midlar, sovemidlar og beroligande midlar av alle fylka i Noreg. I følgje Folkehelseinstituttet sin Folkehelseprofil for 2016 så har Sogn og Fjordane lågare fråfall frå vidaregåande skule enn landsgjennomsnittet og mindre psykiske symptom og lidingar blant 15-29-åringar enn landsgjennomsnittet. I tillegg til alt dette er skilnaden i forventa levealder mellom dei som har grunnskule som høgaste utdanning og dei som har vidaregåande eller høgare utdanning mindre enn snittet for Noreg. Med andre ord så er det slik at om ein samanliknar med landsgjennomsnittet, så er forteljinga om Sogn og Fjordane ein suksesshistorie. 

Slå ring om Sogn og Fjordane! Nei til regionreforma!

Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane

Til toppen