– Vi har fått til ei løysing som sikrar at kraftinntektene også i framtida vil kome Sogn og Fjordane til gode, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).
– Vi har fått til ei løysing som sikrar at kraftinntektene også i framtida vil kome Sogn og Fjordane til gode, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Sogn og Fjordane tviheld på kraftmilliardar

Sogn og Fjordane har funne ei ordning som skal halde vasskraftmilliardane unna Bergen i det nye storfylket. 

– Vi har fått til ei løysing som sikrar at kraftinntektene også i framtida vil kome Sogn og Fjordane til gode, sa fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til NRK etter at ho vart samd med Hordaland om ein intensjonsplan for å slå seg saman til eitt fylke.

Sogn og Fjordane Energi har gitt fylkespolitikarane over ein milliard kroner i friske inntekter dei 15 siste åra. Ein del av avtalepakken med Hordaland er at Sogn og Fjordane framleis skal få ha 1,5 milliardar kroner i kraftinntekter frå Sogn og Fjordane Energi (SFE) i eit eige fond. Dette skal berre brukast innanfor det som er dagens fylkesgrenser, skriv NRK. 

Les også: Forsvinn kraftmilliardane inn i ein Vestlandsregion?

Tidlegare er det sagt at det siste ein ønskjer er at kraftgiganten BKK i Bergen skal kjøpe seg endå meir opp i SFE. Dei eig allereie ein del i selskapet, og vil dermed ha forkjøpsrett viss fylkeskommunen sel seg ned.

Til toppen