BEKYMRA: Sogn og Fjordane fylkeskommune er bekymra ettersom Havila Shipping står i fare for å bli slått konkurs. Styreleiar Per Sævik hevdar det ikkje er grunn til uro. Illustrasjonsfoto
BEKYMRA: Sogn og Fjordane fylkeskommune er bekymra ettersom Havila Shipping står i fare for å bli slått konkurs. Styreleiar Per Sævik hevdar det ikkje er grunn til uro. Illustrasjonsfoto

Sogn og Fjordane uroleg for Fjord1-salet

Sogn og Fjordane fylkeskommune uttrykkjer i eit brev til Havila Holding uro for at ein konkurs i Havila Shipping skal påverke Fjord1-salet.

  • Endret

– Vi har inngått ein totalavtale og er innstilte på at han skal følgjast opp. Men den som skal kjøpe, må òg kunne gjere opp for seg, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til Dagens Næringsliv.

Havila auka i august eigardelen sin i Fjord1 frå 26 til 67 prosent og har samtidig opsjon på å kjøpe resten av aksjane til fylkeskommunen, 33 prosent, frå 1. januar 2017.

I brevet ber Jenny Følling Havila Holding stadfeste at ein eventuell konkurs i Havila Shipping ikkje kjem til å «svekkje Havilafjord AS eller Havila Holding AS sine utsikter til å etterleve dei inngåtte avtalene med F1 Holding AS knytt til kjøpet av aksjane i Fjord1 AS».

Fylkeskommunen har så langt fått den første tredelen av kjøpesummen på 1.065 millionar kroner, men vil forsikre seg om at Havila er i stand til å betale resten av pengane òg.

Ifølgje styreleiar Per Sævik i Havila har Jenny Følling ingen grunn til å uroe seg for konsekvensane av ein konkurs i Havila Shipping.

– Enten resultatet blir det eine eller det andre i Havila Shipping neste veke, er det ikkje ei sak som har reell påverknad på verken Havilafjord eller Havila Holding, bortsett frå reint kjenslemessig, sa Sævik til Dagens Næringsliv søndag.

Det gjeldstyngde Havila Shipping har fått i stand ein gjeldsavtale med bankane som kan redde reiarlaget frå undergangen, men avtalen har møtt motstand frå ei gruppe obligasjonseigarar. Framtida til reiarlaget i Fosnavåg blir avgjort i ei ny avrøysting om gjeldsplanen måndag. (©NPK)

Til toppen