POSTKASSE: Når postkontoret i Førde blir lagt ned er det postkasser og post i butikk som gjeld overalt i Sogn og Fjordane. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes 
POSTKASSE: Når postkontoret i Førde blir lagt ned er det postkasser og post i butikk som gjeld overalt i Sogn og Fjordane. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes 

Sogn og Fjordane utan postkontor

Posten legg ned postkontoret i Førde, som er det siste som er igjen i Sogn og Fjordane.

– Vi har sett på stader der vi kan leggje om frå postkontor til post i butikk, og da har vi komme fram til mellom anna Førde, seier pressesjef John Eckhoff i Posten Noreg til Firda.

Posten legg samtidig ned postkontora i Tønsberg og på Nordstrand i Oslo, slik at det til saman er igjen 30 postkontor på landsbasis.

– Når postmengda fell så radikalt, må vi sjå på korleis vi kan organisere oss annleis, seier Eckhoff.

Dei seks tilsette ved postkontoret i Førde vart informerte om nedlegginga på eit allmøte tysdag formiddag. (©NPK)

Til toppen