NPK: Folk vil ha opplevingar utanfor dei store turistattraksjonane, er forklaringa frå NHO Reiseliv.
– Sogn og Fjordane har eit produkt som treff reisetrendane veldig bra, nemleg det at folk vil ha unike opplevingar, seier direktør i NHO Reiseliv Kristin Krohn Devold til NRK.
Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB), give att av NRK, syner at det i juni og juli var 10.199.387 overnattingar i Noreg, som er på same nivå som i fjor. I dei fire vestlandsfylka har det vore ein auke på fire prosent samanlikna med 2016 (2.644.591 overnattingar i juni og juli i år), og i Sogn og Fjordane er auken åtte prosent (608.884 overnattingar i juni og juli i år).