LYT OPPGRADERAST I SAMBAND MED MR-MASKINA: Bygningsmassen til Lærdal sjukehus vart reist for nesten 50 år sidan. For å få på plass MR-maskina som det alt er samla inn midlar til, lyt det også koma på plass midlar til å byggja på sjukehuset.
LYT OPPGRADERAST I SAMBAND MED MR-MASKINA: Bygningsmassen til Lærdal sjukehus vart reist for nesten 50 år sidan. For å få på plass MR-maskina som det alt er samla inn midlar til, lyt det også koma på plass midlar til å byggja på sjukehuset. (Camilla Skjær Brugrand. )

Sogn regionråd legg press på Helse Førde, vil ha lovnad om at MR-maskina skal koma på plass i Lærdal

Den administrerande direktøren i Helse Førde minner om at helseinstitusjonen har trongare økonomi enn tidlegare.

Lærdal: På fredag kjem den konstituerte administrerande direktøren i Helse Førde, Børge Tvedt, med sitt framlegg til budsjett for 2018.

Der vil det kanskje verta sett av midlar til å byggja på Lærdal sjukehus. Bygningen til sjukehuset treng eit påbygg for at han skal vera i stand til å husa ei ny MR-maskin. 

– Eg kan ikkje fortelja før fredag korleis budsjettframlegget vert, men eg kan seia at me har ei strammare budsjettråme i år enn i fjor, seier direktør Tvedt.

Han nemner nokre faktorar som gjer at Helse Førde sin økonomi har vorte trongare enn før. For det fyrste har regjeringa pålagt alle statlege institusjonar å drifta billigare enn tidlegare, og for det andre vert neste års budsjett påverka av at Helse Førde har gått med underskott i år. 

Tvedt nemner òg at helseinstitusjonen har høgare utgifter knytt til medisinering enn tidlegare. Då det tidlegare var folketrygda som betalte for medisinering av pasientar, lyt no Helse Førde sjølv dekkja dette. 

– Ei MR-maskin i Lærdal ville kutta ned på ventetida i heile fylket

I pressemeldinga frå Sogn Regionråd, ført i pennen av leiaren Petter Sortland, vert det minna om at sogningar verkeleg har lagt seg i selen for å få samla inn ti millionar kroner til MR-maskina.  

Kommunar, lokalt næringsliv og einskildpersonar har alle bidrege til at kampanjen vart vellukka, seier Sortland. 

Han poengterer at ei MR-maskin i Lærdal ikkje berre monaleg ville betra helsetenestene og korte ned på reisetida for folk i Indre Sogn. Han trur det ville kutte ned ventetida for pasientar i heile fylket. 

– Beløpet vart samla inn sommaren 2016 og er vår del for å løyse ut Helse Førde sin del som etter avtalen gjeld sjølve bygningen, seier Sortland vidare i meldinga. 

Då eldsjeler samla inn dei ti millionar kronene var det med tanke på at dette skulle få maskina til å koma på plass innan utgangen av år 2017. 

– Sogn regionråd er oppteke av at utbygginga vert sett i gang utan ytterlegare seinkingar. Sogn regionråd ventar at Helse Førde vedtek investeringa for MR ved Lærdal sjukehus i budsjettmøte i desember 2017.

Til toppen