Sogn Skisenter har fått skryt for å vera eit bra anlegg for frikøyring, for alle nivå.
Sogn Skisenter har fått skryt for å vera eit bra anlegg for frikøyring, for alle nivå. (Foto: Vegard Byrkjeland Aasen/VERI Media!)

– Sogn Skisenter er landets beste anlegg for offpist

Skipatruljen frå Fri Flyt har vore på besøk til Heggmyrane.

HAFSLO: Fri flyt var i Sogndalsområde tidlegare denne månaden, og ville teste ut Sogn skisenter i Hafslo. Fri Flyt skriv at Skipatruljen har vore på skisenteret før, men at dei hadde ein følelse av at dei fortente endå eit besøk. 

Offpist

Off-pist(e), skiuttrykk, alpin laussnøkøyring utanfor preparert løype.

Kjelde: Store norske leksikon

– Eg vil seie at Sogn Skisenter er landet sitt beste anlegg for offpist. Det er ingen anna plass i Noreg du når eit so stort og variert område for frikøyring, seir Knut-Hendrik Lajord til Fri Flyt.

Resten av gjengen, som består av Sigurd Ask, Fredrik Solnes Dahle, Marit Rolvsjord, og programleiar frå Fri Flyt Bård Gundersen, kan seie seg einig.

Fredrik Solnes Dahle legg til at anlegget har noko for alle nivå. Dei aller beste kan til og med skli rett ut av den nye Sognaheisen og inn i eit område som er bratt og hårete nok til å kunne ha Freeride World Tour. 

Vanvittig bra anlegg

Vegard Byrkjeland Aasen kan òg skrive under på at skisenteret har noko for alle nivå, nybyrjar til profesjonell.

–  Det er eit vanvittig bra anlegg, og eg er utruleg glad for at eg har det som mitt lokalanlegg, seier Byrkjeland Aasen, som er frå Solvorn, til Porten.no

Han står mykje på ski i Heggmyrane.

–  Det som gjer det bra er ein god blanding av snøsikkerheit og morosamt terreng, seier han. 

Til toppen