JOMFRUTUR: Sogn skisenter opnar trekket neste helg. Her testar skisentersjefen forholda.
Video

Sogn skisenter opna sesongen med ny trasè

Denne helga opna skisenteret i Luster trekket for sesongen. Her kan du bli med Øystein Veum på jomfruturen i den urørte snøen.

Luster: For 4-5 år sidan byrja entusiastar frå Luster telemark og Lurkarlaget å rydda skog på dugndad for å kunna køyra rundt den såkalla Modlaryggen i Sogn skisenter på Hafslo. 

I år er ryddinga kome så langt at trakkemaskina har kunna køyra sløyfa og den nye trasèen har fått namnet Panoramaløypa.

PREPPA LØYPE: Trakkemaskina har i år for første gong fått preppa trasèen som no har namnet Panoramaløypa.
PREPPA LØYPE: Trakkemaskina har i år for første gong fått preppa trasèen som no har namnet Panoramaløypa. Bilde: Øystein Veum/Sogn skisenter

– Det er ekstremt bra forhold. Det er kome mykje snø og skisenteret har fått laga mykje snø. Langrennsarenaen har vore bra ein stund, så no er det siste finishen før dei opnar i morgon, sa Øystein Veum fredag.

Nyetrasèen gir nye muligheiter

Han er sjølv ein ivrig skientusiast og tidlegare dagleg leiar i skisenteret. Han er imponert over jobben som har blitt gjort.

– Frå toppen av Sognaheisen og heilt ned er det 680 høgdemeter og trasèen er fire kilometer lang frå topp til botn. Det er mykje i norsk målestokk og det er difor fort å få syra, seier Veum, som snakkar av eiga erfaring.

Den nye trasèen er fin å køyra i seg sjølv, men gir ikkje minst enklare tilgang til flotte frikøyringsområde. Samstundes gjer løypa det lettare for bergingsmannskapa å komma til dersom nokon skal vera så uheldig å køyra i koll i dei djupe massane.

Lang ventetid

Med jomfruturen i boks, gler Veum seg til heile anlegget kan opna for publikum for første gong denne helga.

– Hausten er mørk og ei einaste lang ventetid. Når det endeleg byrar å dala ned utanfor vindauget og du endeleg får koma deg på ski, er det som julekvelden og 17. mai på ein gong. Det gjer noko med deg, når du er såpass gira på ski. Eg er ikkje åleina om det, seier Veum.

MAGISK STEMNING: Så flott kan det vera når du har urørt snø framfor deg og lyset spelar på lag i horisonten.
MAGISK STEMNING: Så flott kan det vera når du har urørt snø framfor deg og lyset spelar på lag i horisonten. Bilde: Øystein Veum/Sogn skisenter
Til toppen