Hafslo: Torsdag ettermiddag gikk startskotet for sesongen i Sogn Skisenter på Heggmyrane.
– Me starta sesongen med kveldskøyringa, som me veit folk er så glade i, og med all snøen som dala ned, så fikk me ei skikkeleg drøymeopning, seier leiar Runar Tørvi
Tre av karane som stod først i køa var Vegard Byrkjeland Aasen, Fredrik Solnes og Sigurd Ask. Dei tilhøyrer Heggis gønncrew, ei samling entusiastar som ikkje held noko tilbake i løypa.
Ifølgje trioen var det breie smil, pudder og syre frå lilletåa til øyreflipp på opningsdagen.