Odd Ohnstad (midten) i Haugen Gardsmat, saman med butikksjef Øyvind Akerø i Extra Digernes og ferskvaresjef Therese Lillevik Hoel i Mega Molde
Odd Ohnstad (midten) i Haugen Gardsmat, saman med butikksjef Øyvind Akerø i Extra Digernes og ferskvaresjef Therese Lillevik Hoel i Mega Molde (Foto: Coop Nordvest)

Sognalapskausen gjer suksess på heimebane - utvidar til Nord-Noreg

Lærdal Grønt og Haugen Gardsmat sitt samarbeidsprosjekt Sognalapskausen har blitt populær i Sogn.

Lærdal / Aurland: Dei to selskapa gjekk saman om å hindra matsvinn, og lanserte Sognalapskausen for snaue tre veker sidan. Det har resultert i braksuksess og 100 selde posar kvar dag.

Coop-butikkar i Sogndal og Lærdal har allereie starta å selja han, men no er han òg på veg nordover til Ålesund og Molde, går det fram av ei pressemelding. 

– Lanseringa i Lærdal, og Sogndal nokre dagar etter, er vel nokre av dei største dagane me har hatt i bedrifta vår. Folk var så positive, det var så moro. Me skjønte nok at her hadde me treft ein nerve, noko som er viktig, seier Odd Ohnstad, dagleg leiar i Haugen Gårdsmat. 

Han held fram: 

– Me trudde at tusen kilo skulle vara lenge, så me fekk trykt opp tusen «mageband» som me hadde rundt posane. Dei var vekke på fire dagar, så i all hast måtte me få trykt opp nye, fortel Odd. 

Lokale råvarer

Lapskausen er laga av råvarar frå regionen, som Haugen Gardsmat og Lærdal Grønt hadde til overs. Dette er råvarer som ikkje heldt høg nok standard til å bli selde for seg sjølve grunna storleik eller feil. 

Det blir og nytta sauekjøtt og svinekjøtt i lapskausen, som elles har samla seg opp på fryselager. I staden for at varene går i boset, vert dei no til Sognaplaskaus. 

– Dette er såleis eit miljøprodukt som er basert på lapskausen sin grunntanke; ein plukkar saman gode restar i kjøleskapet og lagar ein flott middag i staden for å kaste dei, smiler Odd. ver ti prosent, slår Ronny Sørbotten fast.

Til toppen