Aurland: – Me er opptatt av å bruke sunn fornuft, at me ikkje skal kaste gode råvarer fordi forma er litt feil eller rar. Me er blitt ei bruk og kast-samfunn, det ønska me å gjera noko med, seier Odd Ohnstad frå Haugen Gardsmat i ei pressemelding.
Saman med Mette Nygård Havre, ildsjela bak folkerørsla «Spis opp maten» delte Q-Meieriene ut matredderprisen til Haugen Gardsmat for sin sognalapskaus denne veka.
Sidan start har Odd og Kristine Ohnstad, gründerane bak bedrifta, produsert ca 30 tonn med lapskaus som elles ville bli kasta.
Vil at folk kan kjøpe lapskausen heile året
Mette Nygård Havre er imponert over kor mye mat Haugen gardsmat har redda sidan oppstart.

– Det er strålande at Haugen gardsmat tar tak i ressursar som stod i fare for å bli kasta. Dei lagar eit skikkelig godt produkt av råvarene. Dette er matredding og innovasjon på høgt plan, seier Nygård i pressemeldinga.
Målet til Haugen Gardsmat er at alle i heile Norge skal kunne kjøpe seg ein pakke med lapskaus, kva som helst dag i året. Kristine Ohnstad seier responsen er utelukka positiv og dei som kjøper lapskausen seier det smakar heimelaga.