STOR OPPLEVING: For spelarane frå Sogndal, Voss, Vik og Stryn er det ei stor oppleving å få prøve seg mot tøff engelsk motstand. Tysdag møtte dei akademilaget til Everton. (Bilde: Privat)

Sognatalent får tøff matching mot dei beste i England

Tysdag fekk dei møte Everton, som har eitt av dei beste og mest hardsatsande akademia i England.

Sogndal/Liverpool: G16-laget til Sogndal er i Liverpool med spelarar frå Voss, ein frå Vik og ein frå Stryn, ein tropp på til saman 18 spelarar. Der skal dei møte G16-laga til Everton, Fleetwood, Burnley og Preston.

– Det er ingen tvil om at det er stort for spelarane å få komme bort å spele med og sjå på lag her borte i England. For dei er det viktige referansar på kvar nivået ligg hos dei beste laga i England, seier Terje Tonheim, oppmann for Sogndal.

Får sjå korleis dei store laga i England satsar

Laget skal vere ei veke i England, der dei har innlosjert seg på eit hotell i Liverpool. I tillegg til å få bryne seg mot tøff motstand, får dei oppleve Permier League-kampen mellom Burnley og West Ham på laurdag. Turen har kome i stand på privat initiativ, med hjelp frå sponsorar og dugnad.

– For oss trenar er det òg lærerikt å sjå korleis dei driv i klubbar som Everton, som har masse ressursar, seier Tonheim.

I England blir akademia til klubbane rangert etter kategoriar, alt etter kor tungt dei satsar. Everton er i høgste kategori, kategori ein, medan Burnley førebels er i kategori to, Fleetwood og Preston i kategori tre.

FÅR TØFF MATCHING: Desse spelarane frå Sogndal får verkeleg prøve seg denne helga (frå venstre): Sigvart G. Stenehjem, Jon Skjerdal , Daniel Navarsete Tonheim og Sigurd B. Kristiansen. 
FÅR TØFF MATCHING: Desse spelarane frå Sogndal får verkeleg prøve seg denne helga (frå venstre): Sigvart G. Stenehjem, Jon Skjerdal , Daniel Navarsete Tonheim og Sigurd B. Kristiansen.  Foto: Privat

Tysdag fekk dei prøve seg mot den første og klart sterkaste motstandaren, nemleg Everton. Det vart tap 0-3, men likevel ein opptur for laget:

Everton vart eit par hakk for tøffe

– Me starta voldsomt bra dei ti første minutta, med ein plan om å gå agressivt til verks. Men når dei fekk summa seg, så såg vi fort at dei var på eit heilt anna nivå enn oss, spesielt når det gjeld mottak og pasningar. Då fekk dei trilla ball, medan vi vart springande i mellom, seier Tonheim.

Trass det spelemessige overtaket greidde Everton berre å putte to mål i den første omgangen.  Andre omgang skifta karakter, då motstandaren gjorde fleire byter. Eitt til baklengs vart det, men sogndalsspelarane var langt meir med på notane.

– Alt i alt må eg seie at gutane gav hundre prosent. Det var motiverande for dei å møte eit lag som Everton og det såg vi ut på bana. I fjor tapte vi eit tilsvarande oppgjer mot Wigan 2-9, så dette var ein solid opptur, seier Tonheim.

Allereie neste dag var det ny kamp, denne gongen mot Fleetwood. Der vart det eit knepent tap 2-3, etter at det forsterka sogndallaget tok leiinga. I kveld, torsdag, vart det tap 3-6 mot Burnley, før kampen mot Preston fredag blir siste sjanse til å sikre ein siger.

Til toppen