AP: Henny-Kristin.
AP: Henny-Kristin. (Foto: Privat)

Sogndal AP ynskjer at Henny-Kristin blir stortingskandidat

Det kjem fram i ei pressemelding.

Sogndal: Eit samrøystes Sogndal Ap ønskjer at Henny-Kristin Asperanden Navarsete skal bli Arbeidarpartiet sin stortingskandidat frå̊ Sogn og Fjordane i 2021.

Det var ein rørt kandidat som tok ordet etter valet.

– Eg er utruleg stolt over at Sogndal Arbeidarparti viser meg denne tilliten. Eg er klar for å arbeide målretta for å påverke framtida til folk i Sogn og Fjordane. Det er viktig for meg at det er trygt og godt å bu her me bur. Å få moglegheit til å vere med å arbeide for sterke fellesskap gjer det lett å takke ja til å bli med på̊ laget. Til slutt er det nominasjonsmøtet til Sogn og Fjordane som avgjer, men eg er veldig takksam og glad for å bli nemnd, sa Navarsete.

Direkte og tydeleg

Fleire tok ordet i møtet. Argumenta for Navarsete er mellom anna hennar bakgrunn i fagbevegelsen, ho er direkte og tydeleg og alltid kjempar for dei svake gruppene i samfunnet.

– Det er eit samla Sogndal Arbeidarparti som står bak nominasjonen av Navarsete. Ho er både engasjert og motivert, og ikkje redd for å ta eit tak for fellesskapet. Navarsete har lang erfaring frå kommunestyret, noko som gjer at ho kjenner utfordringane for kommunane godt. Hennar evne til å skapa engasjement og til å finna gode løysingar vart trekt fram, seier Liv Synnøve Bøyum, leiar i Sogndal Ap

Navarsete er utdanna sjukepleiar, ho har bakgrunn frå̊ arbeid på̊ sjukehus og i kommunehelsetenesta. Ho har også̊ erfaring frå̊ å jobba i NAV og jobbar i dag med beredskap i Statens vegvesen. Der er ho også tillitsvald på̊ etatsnivå.

Navarsete sit i forbundsstyret til LO forbundet NTL. Navarsete har tidlegare vore leiar av Leikanger Arbeidarparti, og er no inne i sin tredje periode i kommunestyret for Ap.

Til toppen