KANON: Daniel Eid var ein av dei fem benka spelarane, men kom innpå og sørga for eit vakkert trøstemål på tampen.
KANON: Daniel Eid var ein av dei fem benka spelarane, men kom innpå og sørga for eit vakkert trøstemål på tampen. (Foto: Halvor Farsund Storvik/Arkiv)

Sogndal audmjuka på bortebane

Eit defensivt Sogndal fekk fotballeksjon av KFUM. På sidelinja verka trenar Eirik Bakke å famla etter den rette oppskrifta.

KFUM-Sogndal: 4-1 (2-0)

Bakke hadde benka fem spelarar frå laget som tapte mot Sandnes Ulf i førre runde.

Finspelet frå dei fire første kampane var óg bytt ut. Inn kom den gamle kjenningen «spark og spring». Taktikken var tydeleg nok å ligga djupt, og satsa på kontringar, men som regel enda det i balltap allereie på første pasningen.

Til tider vart Sogndal utspelt av tekniske og ballsikre motstandarar i første omgang:

Omvendt rokade

Rett før halvtimen tok KFUM leiinga etter eit fint angrep. Like før pause auka dei til 2-0. Mellom dei to måla var bortelaget knapt borti ballen. Dominansen vart så total etter kvart at heimepublikummet byrja å ropa olé mellom kvar vellukka pasning. 

Omrokeringa hadde altså ikkje den ønska effekten, og det var tydeleg at trenar Bakke angra. I pausen bytte han inn fire av dei fem som hadde blitt benka, nemleg Sivert Mannsverk, Tomas Totland, Daniel Eid og Endre Kupen.

Sogndal heldt fram å spela enkelt, og ein hel del langt, men greidde å riva til seg eit visst initiativ i andre omgang. Det tok ikkje meir enn eit par minutt før Endre Kupen kom til Sogndal si første avslutning, rett nok eit håplaust forsøk over mål.

Ropte på hands

Ein time var spelt då heile Sogndal ropa på straffe. Ein KFUM-spelar hadde redda på streken, og bortelaget meinte at det hadde vore ei hand med i biletet. Dommaren rista avvisande på hovudet, og gav heller Igoh Ogbu gult for protestar.

I staden for redusering fekk Sogndal ein ny baklengs i trynet. KFUM kontra inn 3-0, signert tremålsskårar David Tavakoli.

Bortelaget gav ikkje opp å kjempa, men fekk ikkje omsett det vesle overtaket i skikkelege sjansar. Kupen kom vel til fire skot, men siktet var ikkje rett innstilt.

Vakker, men fattig trøyst

Sju minutt før slutt måtte Renze Fij ut i full strekk for å hindra 0-4. Lite hjalp det, for minuttet seinare låg ballen likevel i nettet bak nederlendaren.

Ei kanonkule av eit trøstemål frå Daniel Eid kunne ikkje redda inntrykket av ei trist førestilling.

Tapet markerte eit solid botnpunkt for Sogndal, sjølv samanlikna med dei to føregåande tapa. Den ambisjonslause tilnærminga må ta skulda for det.

Til toppen