SISTEMANN UT: Victor Grodås får hjelp til å gå av bana etter at han pådrog seg ein kneskade i oppgjeret mot Viking sist serierunde. Foto: Halvor Farsund Storvik.
SISTEMANN UT: Victor Grodås får hjelp til å gå av bana etter at han pådrog seg ein kneskade i oppgjeret mot Viking sist serierunde. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Sogndal avviser feiltrening etter nok ein skade

Victor Grodås blir truleg ute ein månad med strekk i kneet. Det medisinske apparatet i klubben trur ikkje for hard trening har skulda for den veksande skadelista.

Molde-Sogndal (18.00): Vi kjem tilbake med oppsummering og reaksjonar etter kampen.

Det har knapt gått ein serierunde utan at ein ny spelar har teikna seg på skadelista til Sogndal. Når dei i kveld møter Molde blir det utan venstreback Victor Grodås, som sist serierunde mot Viking fekk ein strekk i kneet. Truleg blir han ute i 3-4 veker.

Med Ole Amund Sveen, Christophe Psychè, Kasper Nissen og Bjørn Inge Utvik allereie ute med langtidsskader er det fristande å spørre om Sogndal har trent for hardt. Spesielt når du tek med at spelarar som Martin Ramsland, Taijo Teniste, Lars Christian Kjemhus og Eirik Skaasheim òg har hatt sine problem.

– Vi skulle hatt litt mindre skadar, men dei vi har er veldig alvorlege og ikkje så lette å førebyggje. Vi hadde heller tatt litt fleire belastningsskader og strekkar enn beinbrot og korsband, seier Trond Vegard Ripe, medisinsk ansvarleg i Sogndal Fotball.

Les også: Fotballforsking er vinnaroppskrifta for Sogndal

Han legg til at Sogndal er eitt av laga som trenar hardast i landet, og at det er små marginar som avgjer kva som er for mykje.

– Vi pushar grensene. Det får vi betalt for uansett. Sånn som mot Viking, då spring vi dei i senk, seier han og refererer til 4-0 sigeren i sist serierunde.

– Kor mykje diskuterer de kor vidt de har pusha for hardt?

– Det er problemstilingar som er oppe nesten dagleg, seier Ripe.

For dei som kjenner skadehistorikken til Victor Grodås var det eit lite hyggjeleg syn: etter ein duell med Adegbenro vart venstrebacken liggjande å vri seg i smerte medan han tok seg til kneet. 

– Eg såg på reprisane i går og det såg vanvittig stygt ut. Victor stod att på ein corner og tek ein «professional foul» for å hindre kontring. Då får han seg ei skikkeleg vridning i venstre kneet. Detkunne skjedd kven som helst, seier Ripe, som er glad det ikkje gjekk verre.

– Eg trur vi skal vere glade for at Victor har trent så bra etter dei tidlegare kneskadane. No får han att for alle timane i styrkerommet med knestabiliserande trening, seier Ripe. 

Ei gledeleg nyheit oppe i alt er lista over spelarar som snart er på veg tilbake:

Forsvarsspelar Kristinn Jònsson har vore i full trening den siste halvannan veka og treng berre å kome i fotballform. Ein annan forsvarsspelar, nyinnkjøpte Walid Atta, er òg så å seie i full trening, men treng gradvis opptrapping. Eirik Skaasheim var aktuell til troppen mot Molde, men vart til slutt halden heime.

Til toppen