NERVEDRAMA: Det såg mørkt ut då Vålerenga utlikna, men tre kjappe mål sikra Sogndal to kampar mot Ranheim om fornya kontrakt i eliteserien. Sjå høgdepunkta frå kampen!

VIDEO

Sogndal banka Vålerenga og tok kvalikplassen

Det var lenge ulideleg spanande, men i andre valsa heimelaget over hovudstadslaget og sikra to cupfinalar om å berga plassen. Gjenopplev høgdepunkta frå kampen!

Sogndal-Vålerenga: 5-2 (2-1)

– Spelarane kom bort til benken heile tida og spurte kva stillinga var i den andre kampen. Då kunne eg ikkje lyga. seier trenar Bakke om dramaet då Vålerenga gjekk opp til 2-2 i skjebnekampen.

I Aalesund hadde heimelaget gått opp i leiinga berre nokre minutt tidlegare. Då såg det alt anna enn lyst ut på Fosshaugane.

Frå jubel til desperasjon til ny jubel

Sogndal fekk ein drøymestart på nervedramaet på Fosshaugane. Allereie etter fem minutt hadde Ole Martin Rindarøy putta det første og livsviktige målet. Med 0-0 i Aalesund hadde Sogndal allereie teften på kvalikspel.

Sogndal-Vålerenga: 5-2

Kampfakta:

Stadion: Fosshaugane Campus
Dommar: Rohit Saggi (Drafn, SBK)

Målscorarar, Sogndal: Rindarøy (5), Birkelund (41), Teniste (69), Ramsland (72), Nwakali (75).
Gule kort, Sogndal: Teniste.

Lagoppstilling, Sogndal:

1. Mathias Dyngeland
2. Taijo Teniste
15. Per-Magnus Steiring
40. Even Hovland (k)
41. Kjetil Wæhler
4. Chidiebere Nwakali (Shulze 86.)
10. Gilbert Koomson
14. Ole Martin Rindarøy (Greenidge 65.)
27. Eirik Birkelund
11. Martin Ramsland
77. Stanisa Mandic (Bye 65.)

Seks minutt seinare gjekk Aalsund òg opp til 1-0 mot Strømsgodset, dermed var det dei som hadde 14. plassen i lomma. Eitt skåra mål var alt som skilte dei to laga, som før serierunden.

Etter den gode starten tok Vålerenga over spelet. Sogndal låg djupt og satsa på kontringar.

Den taktikken fungerte dårleg, for etter drøye tjue minutt kom utlikninga. Vålerenga spelte seg gjennom på kanten, innlegget var perfekt og Henrik Kjelsrud Johansen kunne berre putta ballen i det opne målet.

Med uavgjort i Aalesund var det likevel berre eitt mål som skulle til og det kom fem minutt før pause. Gilbert Koomson raida oppover høgrekanten, inne i boksen venta Eirik Birkelund og han sende den perfekte pasninga utagbart nede i hjørnet. To minutt seinare utlikna Strømsgodset mot Aalesund og dermed kunne Sogndal gå til pause med ei dobbel vitamininnsprøyting.

– I pausen sa eg til dei at det var uavgjort der oppe. Då skjønte dei at dei hadde sjansen til å møte Brann i staden for Florø neste år, seier Bakke.

Dobbel nedtur etter pause

I Sogndal starta den siste omgangen i årets eliteserie heller tamt. Men i Aalesund skjedde det ting. Etter ni minutt hadde Edwin Gyasi sendt heimelaget i føringa og opp på det ettertrakta kvalikplassen.

Enno verre vart det då Christian Grindheim utlikna for Vålerenga på eit frispark. Med ein halvtime igjen såg det igjen heilsvart ut for Sogndal, men laget trengte berre eitt mål for å snu fortvilinga.

FINT DRIV: Chidi Nwakali var tilbake for Sogndal og gjorde ein god figur på midtbana. I andre omgang skåra han 5-2 og sikra kvalikplassen for Sogndal.
FINT DRIV: Chidi Nwakali var tilbake for Sogndal og gjorde ein god figur på midtbana. I andre omgang skåra han 5-2 og sikra kvalikplassen for Sogndal. Bilde:  Halvor Farsund Storvik

Det kom på direkten og frå deg mest utenkjelege haldet du kan tenka deg. Innbyttar Bendik Bye kriga i feltet og fekk lagt ballen ut i farleg rom. Der kom Taijo Teniste stormande og banka inn 3-2 til Sogndal, hans første mål nokonsinne i den kvite drakta, i hans siste eliteseriekamp før overgangen til Brann.

– Det la lista for resten av laget og gjorde at me fekk eit vanvittig løft etter antiklimaset då Grindheim utlikna. Når Taijo skårar, så vinn me alltid, seier Bakke humoristisk.

No ventar Ranheim i kvaliken

Jubelen hadde knapt stilna då Martin Ramsland steig til vers og heada inn 4-2. Og for å fjerna all tvil pirka Chidi Nwakali inn 5-2 via tverrliggaren på eit utsøkt frispark kvarteret før slutt. No måtte Aalesund skåra tre mål for å berge plassen. Det greidde dei, men når Strømsgodset òg skåra var det ikkje nok likevel.

Sogndal skal no møta Ranheim over to kampar før det blir avgjort kven av dei som skal spela i eliteserien neste år.

– No har me fått ein ny sjanse. Fokuset vårt er allereie på det som skal skje på onsdag, men spelarane skal ikkje tenka for mykje på det. I kveld skal dei heller nyta sigeren og samla energi inn mot dei to viktige kampane me har igjen, seier Bakke.

Til toppen