FÅ NAVARAR: Kvar månad i fjor fekk i snitt 21 prosent av innbyggjarane i Norge økonomisk støtte til livsopphald frå NAV. Sogndal er blant dei fem kommunane som kjem best ut på statistikken. Foto: arkiv.

Sogndal blant kommunane med færrast på NAV

– Det er eit signal på at me har eit velfungerande arbeidsliv med eit stort tilfang av ulike jobbar, seier ordføraren.

Sogndal: Kvar månad i fjor levde i snitt kvar femte nordmann på pengar frå NAV, viser ferske tal.

Sogndal er blant dei fem kommunane som kjem best ut på den elles lite oppmuntrande statistikken. Her fekk i snitt 13,9 prosent av innbyggjarane i alderen 18-66 økonomisk støtte til livsopphald i 2016. Støtte til livsopphald omfattar dagpengar, tiltakspengar, arbeidsavklaringspengar, uføretrygd eller stønad til einslege foreldre.

NØGD: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal tek tala som eit signal på at dei har eit velfungerande arbeidsliv i kommunen og distriktet rundt.
NØGD: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal tek tala som eit signal på at dei har eit velfungerande arbeidsliv i kommunen og distriktet rundt.

– Det er eit signal på at me har eit velfungerande arbeidsliv med eit stort tilfang av ulike jobbar. Sjølv om vi òg har våre utfordringar, seier ordførar Jarle Aarvoll og viser til arbeidet dei har sett igang for å få fleire innvandrarar i arbeid.

– Det er ikkje til å underslå at det å klara seg sjølv er det beste utgangspunktet for eit godt liv. Så vil det vere situasjonar der folk av ulika grunnar vil trenge støtte, seier han.

Best ut kjem Bærum i Akershus med 12,4 prosent, Bykle i Aust-Agder med 13,3 prosent, Hemsedal i Buskerud med 13,6 prosent, før Sogndal altså kaprar fjerdeplassen med 13,9%.

I den andre enden av skalaen finn vi Ballangen i Nordland med 39,1 prosent, Dyrøy i Troms med 33,5 prosent, Hasvik i Finmark med 33,4 prosent, Gjerstad i Aust-Agder med 33,4 prosent og Lavangen i Troms med 33,3 prosent.

Totalt i 2016 betalte NAV ut nærare 174 milliarder kroner i støtte til livsopphald til innbyggjarar busette i Norge.

Til toppen