Sjå sjansesløseriet til Sogndal då effektive Rosenborg tok alle tre poenga

Sogndal hadde ikkje slått Rosenborg på heimebane på 19 år. Den må dei vente på endå eit år til.

Sogndal – Rosenborg 0-3

Sogndal: Resultatet er kanskje overbevisande, men Sogndal gjorde seg ikkje vekk mot serieleiaren. Til slutt er det rutine og erfaring som skil laga på måltavla.

Sjølv om serieleiaren er inne i eit tøft kampprogram med Mesterliga-fotball og verka lite interesserte i å slite seg ut mot Sogndal, var det trønderane som tok vare på sjansane på Fosshaugane. Sogndal hadde fire–fem gode sjansar, og nokre burde ha enda i scoring, men eit effektivt Rosenborg kontrollerte til slutt inn sigeren.

SOM VENTA: Eirik Bakke og Sogndal fortviler om misbrukte sjansar mot effektive Rosenborg.
SOM VENTA: Eirik Bakke og Sogndal fortviler om misbrukte sjansar mot effektive Rosenborg. Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Det vart som forventa. Rosenborg scora på den første sjansen sin og drep kampen litt. Då blir det tungt, seier Eirik Bakke, Sogndal-trenar, etter kampen til Porten.no.

Nøgd med poengfangsten så langt

Scoring frå Milan Jevtovic i 1. omgang og Fredrik Midtsjø og Matthias Vilhjalmsson gjer at Rosenborg no legg press på utfordrarane i toppen av tabellen. For Sogndal sin del betyr tapet at dei blir ståande på 20 poeng når laget no tar ferie.

– Me må tenkja på situasjonen me har vore i. Me har 20 poeng og er med. Det kunne fort ha vore verre, og me kunne ha vore endå lengre bak med tanke på alle skadeproblema. Då får me heller tola at me får ein på tryne i dag, legg Bakke til. 

No skal Sogndal-trenaren til varmare strok for litt ferie før han og laget hans tek fatt på haustsesongen 6. august. 

Slik starta Sogndal

1. Mathias Dyngeland
15. Per Magnus Steiring
37. Espen Næss Lund
31. Ulrik Fredriksen
2. Taijo Teniste
28. Johan Hove
27. Eirik Birkelund
22. Lars Christian Kjemhus
10. Gilbert Koomson
11. Martin Ramsland
7. Eirik Schulze

Benken
13. Tarjei Omenås
5. Victor Grodås
6. Henrik Furebotn
18. Bendik Bye
24. Eirik Skaasheim
30. Kristinn Jónsson
34. Simen Brekkhus

Sogndal med mykje ball

Det var ein ta og føle på-start frå begge laga. Rosenborg verka lite interesserte i å bruke for mykje krefter etter å ha vore i aksjon i Mesterligaen onsdag, medan Sogndal verka nøgde med og komfortable med å halde på ballen utan å ta dei store sjansane.

Kampens første store moglegheit derimot, fall til gjestene. Ballen havna hjå Jensen etter ei svak klarering. RBK-kapteinens innlegg hadde retning motsett kryss, men Dyngeland fekk smekka ballen unna.

Så var det Sogndal sin tur. Først gjekk eit frispark i god posisjon rett i muren, før Steiring fekk avslutta like utanfor mål etter mykje klabb og babb i feltet på eit innkast.

TRUA: Sogndal var ingen kasteball mot serieleiaren som tidvis låg djupt og lot heimelaget trille ball.
TRUA: Sogndal var ingen kasteball mot serieleiaren som tidvis låg djupt og lot heimelaget trille ball. Foto: Halvor Farsund Storvik

Det er ein grunn til at Rosenborg leiar ligaen, men då dei tok leiinga etter halvtimen spelt, var det like mykje Sogndal sin feil. For når ein let gjestane sin toppscorar, Jevtovic, få stå og sikte på 16 meter, kan ikkje ein gong ein Dyngeland i full strekk hindre scoring.

Stolpetreff for Birkelund

Med unntak av scoringa var det ein omgang med få hendingar. Då vart det raskare fyr i teltet etter kvilen. Berre fem minutt var spelt då Sogndal igjen gav gjestane for mykje rom å boltre seg i. Til slutt fekk innbyttar Rashani avslutta frå vel tolv meter, men Dyngeland var med på notane.

Innbyttaren, som kom inn for De Lanlay i pausen, sette fart på gjestane han. Fem minutt etter sitt eige forsøk, var 24-åringen servitør. I feltet fann han Midtsjø som enkelt plasserte ballen ned i høgre hjørne.

Sogndal viste derimot ingen teikn til å gi opp, og då 65 minutt var spelt, var Birkelund berre centimeter unna redusering, men skotet hans traff stolpen.

Effektive Rosenborg

Det var heimelaget som hadde initiativet no, men det ville seg ikkje. Bye hadde to gode sjansar på kort tid, og slik ineffektivitet straffar seg.

For då Ulrik Fredriksen trur han har betre tid enn han har, stel Matthias Vilhjalmsson ballen frå han. Åleine med keeper gjer islendingen ingenting feil og set inn 3-0, som ogsåvart sluttresultatet.

Til toppen