STORT ETTERSLEP: Fleire har ropt høgt om det manglande vedlikehald på kommunale vegar i Sogndal. I år ønskjer politikarane å ta eit løft.
STORT ETTERSLEP: Fleire har ropt høgt om det manglande vedlikehald på kommunale vegar i Sogndal. I år ønskjer politikarane å ta eit løft.

Sogndal bruker av millionoverskotet på vegvedlikehald

Fjoråret var historisk godt for økonomien til Sogndal kommune. No vil politikarane nytta sjansen til å ta att noko av etterslepet på vegane.

Sogndal: Sogndal kommune vart sittande att med eit rekordstort overskot i 2016 på 19,5 millionar kroner, mest på grunn auka skatteinntekter. Torsdag skulle politikarane i formannskapet ta stilling til kva desse skal brukast til. 

Det enda med at den eine fraksjonen prøvde å overby den andre på løyvingar til vegvedlikehald.

Laura Kvamme i Sp opna budrunden på vegner av SV, Ap og sitt eige parti. Dei ønskjer å løyve 2,5 million til opprusting av vegane i kommunen og ein halv million til opprusting av kommunale bygg.

– Vi veit alle kor dårleg situasjonen er på mange kommunale vegar. Gjennom mange år har vi ikkje hatt midlar til å ta att etterslepet, difor ønskjer vi å nytte denne ekstraordinære sjansen til å ta eit skikkeleg løft, sa varaordføraren.

Les også: Denne kommunen går mot eit overskot på 17 millionar kroner
Les også: I dag døypte politikarane det nye helsesenteret til 300 millionar

Høgre, Venstre og Krf meinte dette var i minste laget og føreslo heller å bruke fem millionar på vegvedlikehald, ved å lånefinansiere ein del av den planlagte barnehageutbygginga i sentrum.

– På papiret har vi eit godt økonomisk resultat, men i desember hadde vi eit etterslep på vegvedlikehaldet på 44 millionar. Tek vi det med i vurderinga, så greier ikkje eg å sjå resultatet i 2016 var så godt likevel, sa Karin Vikane (H).

Til slutt vart det fleirtal for forslaget til varaordføraren.

Den resterande summen vart fordelt slik:

  • Omlag èin million kroner blir sett av i flyktningefondet
  • Omlag 2,5 millionar blir sett av i kraftfond II
  • Omlag 250 000 blir sett av i fond for einslege mindreårige flyktningar
  • 3,25 millionar blir sett av i disposisjonsfond for fullføring av fjordstien.
  • 400 000 i ekstraløyving til ekstern gransking av Sogn barnevern
  • Omlag ni millionar blir sett av i eit disposisjonsfond for framtidig bygging av sentrumsbarnehage.
Til toppen