FÅR IKKJE VERA MED: På det siste av fire forhandlingsmøte måndag informerte Sogndal at dei ikkje ville halde fram forhandlingane om ein storkommune som inkluderte Årdal og Lærdal. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
FÅR IKKJE VERA MED: På det siste av fire forhandlingsmøte måndag informerte Sogndal at dei ikkje ville halde fram forhandlingane om ein storkommune som inkluderte Årdal og Lærdal. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Sogndal: – Det vart for detaljert

– I alternativet med seks kommunar vart det for detaljert når me skulle dela funksjonane mellom kommunane, seier varaordførar i Sogndal Laura Kvamme (Sp).

Årdal/Lærdal: Dei seks kommunane klarte ikkje å lande ein intensjonsavtale om ein eventuell ny storkommune på det siste av fire forhandlingsmøte måndag. I staden valte Sogndal å bryte forhandlingane og heller gå vidare med eit alternativ utan Årdal og Lærdal.

– Sogndal har valt å forhandla med dei andre (Vik, Leikanger og Balestrand journ.anm.), medan Årdal og Lærdal er ute, så me kom ikkje i hamn med ein intensjonsavtale for dei seks kommunane, fortel Arild Ingar Lægreid (Ap), ordførar i Årdal.

Ettersom ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll (Ap) er på ferie, var det vara-ordførar Laura Kvamme (Sp) som overbrakte nyheita til representantane frå dei andre kommunane.

Veit ikkje årsaka

– Det er ingen tvil om at det er Sogndal som har brote dette. Det er ganske bemerkelsesverdig at eit regionsenter går ut og bryt forhandlinga på den måten, seier Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal. 

– Sa dei noko om årsaka til at dei valte å bryta?

– Nei, det sa dei ikkje. Det er det som er litt pussig. Laura Kvamme sa at dei vel å gå vidare med andre alternativ, som er fire kommunar, men gav ikkje ordførargruppa ei forklaring på kvifor.

Framleis positive til forhandlingar

Lærdalsordføraren fortel vidare at Lærdal var ein av fire kommunar som framleis var positive til ein å lande ein intensjonsavtale. Skal ein tyde Lægreid, kan det verke som at Vik og Sogndal er dei to kommunane som ikkje var lystne på å halde fram forhandlingane.

– Sogndal og Vik valte å snakka med dei andre kommunane slik at me ikkje kan gå vidare om å få til ein intensjonsavtale. No hadde me ei god formulering rundt lokalmedisinsk senter i Lærdal og me jobba med funksjonsfordeling med dei andre. Årdal har ikkje sagt nei takk til å vere med vidare. Me ville forhandla viss det var vilje, fortel han.

– Såg ikkje denne koma

Nettopp lokalmedisinsk senter har vore eit viktig tema for årdølene og lærdølene. Det var heilt avgjerande at dette skulle ligge i Lærdal. 

– Kan dette vera årsaka til at Sogndal har trekt seg ut?

– Ein kan spekulere i mykje, men det trur eg Sogndal må svara på. Eg såg ikkje denne koma, og me veit ikkje kva som er årsaka, svarar Solheim.

For detaljert

Laura Kvamme seier til Porten.no måndag ettermiddag at det er to årsaker til at Sogndal valte å bryte forhandlingane.

– Det eine er at me har eit vedtak om at me også skal diskutere alternativet om fire kommunar. Det ønskjer me å gå vidare på. 

– I alternativet med seks kommunar vart det for detaljert når me skulle dela funksjonane mellom kommunane. Me var langt inne i jobben som det politiske utvalet skal gjera i den nye organisasjonen. Dette skulle me bruke tida fram til 2020 å diskutere, og me var redde for å bli for låst, seier ho.

Ventar på Aurland

Ho legg til at i etterpåklokskapens namn var det kanskje for ambisiøst med ein kommune frå Årdal til Balestrand. Ho understrekar også at dette hadde ingenting med det lokalmedisinske senteret å gjera.

Då møtet var avslutta i Sogndal, gjekk Årdal og Lærdal saman for å diskutere vegen vidare. Begge kommunane har vedteke i kommunestyret at dei skal sjå på eit samarbeid saman med Aurland, men Aurland har førebels ikkje teke stilling i saka.

Komande torsdag skal saka handsamast i kommunestyret der. Inntil då forheld både Årdal og Lærdal seg i ro og avventar, men dersom aurlendingane er positive til å snakke med nabokommunane inni fjorden, blir truleg dette neste steg. 

 

Til toppen