Sogndal: – Det er ingen som veit kor mange stadnamn som finst i Noreg. Eit anslag seier at det er fem millionar, og berre ein brøkdel av desse er komne på kartet, fortel Gøril Grov Sørdal.

Sogndal: Eit skattkammer for morosame stadsnamn
Visste du at fleire av Sogndals slotteteigar heiter Blodskiten, at det er ein haug oppkalla etter ein familie som spiste paprika, og at det er ein bekk på Kaupanger heiter Titl-tatl? Journalist Gøril Grov Sørdal fortel at Sogndal har mange grove og morosame namn, og fleire av dei er faktisk på kartet.