GJEV UTMERKING: Anne Marthe Kvale i MOT Sogndal og ordførar Jarle Aarvoll er glad for at dei nådde opp i konkurranse med 118 andre kommunar.
GJEV UTMERKING: Anne Marthe Kvale i MOT Sogndal og ordførar Jarle Aarvoll er glad for at dei nådde opp i konkurranse med 118 andre kommunar. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Sogndal er årets MOT-kommune

Ordføraren rosar skulane, Sogndal Fotball, lensmannen, helsesøster, dei frivillige i MOT og ikkje minst ungdommen sjølv for prisen.

Sogndal: Tildelinga skjedde før helga og i dagens kommunestyre delte ordføraren ut blomar og diplom som bevis på at Sogndal er MOT-kommune nummer èin i landet.

– Denne prisen tykkjer eg at me fortener, men eg veit det er andre kommunar og aktørar som jobbar akkurat like godt. Det er utruleg kjekt å bli sett, men det er ikkje noko sovepute. Det er ein inspirasjon til å stå på vidare for dei verdiane som MOT representerer, seier ordføraren.

– Den vesle forskjellen

Han set pris på haldningsskapande arbeidet organisasjonen har gjort gjennom mange år og er ikkje i tvil om at det har effekt.

– Eg trur det i mange samanhengar er med å utgjera den vesle forskjellen når det gjeld kva haldningar me har til kvarandre, seier han.

Anne Marthe Kvale i MOT Sogndal tykkjer det er stort å få ein slik pris i konkurranse med 118 andre kommunar:

Trur MOT har stor verdi

– Det viser at den satsinga kommunen gjer er riktig. Dette er noko vi har jobba systematisk med gjennom mange år, før eg byrja òg, seier ho.

Òg ho er bestemt på at arbeidet dei gjer har stor verdi for kommunen.

– Det er ungdomen som er framtida. Då er det viktig å legge grunnlaget for eit verdisyn som dei kan ha med seg vidare i livet, seier Kvale.

Til toppen