Sogndal: I år er den syttande sesongen Sogndal spelar på det øvste nivået i norsk fotball. Aldri har laget teke meir enn 35 poeng, ein rekord dei sette i 2003. Til no i år har Sogndal teke 34 poeng og enno er det fem kampar att.
Ingenting ville smake betre enn om rekorden kom mot erkerival Brann på laurdag.
– Det trur eg kan bety mykje for gutta, for dei likar å setja seg nye mål heile tida. Men det viktigaste er å koma høgast mogleg på tabellen, seier trenar Eirik Bakke når vi konfronterer han med milepålen.
Nederst i saka kan du sjå ein tabell med alle plasseringane og poenga Sogndal har fått på det øvste nivået i norsk fotball.
Les også: Det går mot ny publikumsrekord på vestlandsderbyet

Har snusen på enno gjævare rekord
Det skal nemnast at talet kampar i eliteserien har stige jamt, frå tjueto kampar i 1982, debutåret til Sogndal på øvste nivå, til tretti kampar i dag.

Men det er ikkje berre totalsummen som imponerer med årets sogndalsesong. Før kampen mot Brann ligg laget i rute til den nest beste eliteserieprestasjonen i klubben si historie.
For reknar vi kor mange poeng laget har teke i snitt per kamp til no i år landar vi på 1,36. Det er eit tal laget berre har toppa èin gong og det var tilbake i 1988. Det året hamna Sogndal på sjetteplass, den beste plasseringa laget har greidd nokon gong.
Snittet var då på 1,41 poeng per kamp, noko som betyr at mannskapet til Bakke har snusen på rekorden fem rundar før slutt. Då må dei greie tre sigrar på dei fem kampane som står att. Så langt djupt i krystallkula ønskjer ikkje Bakke å sjå. Men han konstanterer at dei har levert til no.
– Vi er nyopprykka og har mista to av våre beste spelarar frå i fjor (Petter Strand og Babacar Sarr, journ. anm.), så eg tykkjer vi har takla det bra. Før sesongen hadde eg likt den posisjonen vi er i no. Det er slik vi må tenkje, seier han.
– Innsats er gratis
Det som gjer rekordjakta ekstra tøff er motstandarane som ventar dei neste kampane. For tur står Brann, Molde, Odd og Strømsgodset. Stort tøffare motstand er det vanskeleg å få i ei sesongavslutning.
Midtbanemotor Henrik Furebotn vel heller å snu på det.

– På slutten av sesongen er det vel så bra å møte slike lag, enn lag som kjempar mot nedrykk. Det er vanskelege kampar, for då veit du at dei får eit ekstra gir og vil litt meir. Det er berre kjekt å møta topplaga, seier han.
Les også: – Eg håpar å halda meg i Tippeligaen til eg legg opp
Verken poeng eller snittrekordar er noko han eller dei andre spelarane brukar energi på. Men med fem kampar att forventar Furebotn å vinne fleire kampar. Då vert eventuelle rekordar berre ein bonus.
– Me føler sjølve me har gjort ein veldig god sesong. Det er vel berre Rosenborg som har mindre tap enn oss, så det viser at me er vanskelege å slå. Alle laga me møter har meir pengar og alt det der, men innsats er gratis, seier Furebotn.
Vel vitande om at nettopp det vert nøkkelen mot sølvjaktande bergensarar på laurdag.
Slik har Sogndal har spelt på øvste nivå i Norge
År | Lag | Plassering | Poeng | Snitt |
1982 | 12 lag | 11. plass | 16 poeng | 0,73 |
1988 | 12 lag | 6. plass | 31 poeng | 1,41 |
1989 | 12 lag | 11. plass | 18 poeng | 0,82 |
1991 | 12 lag | 9. plass | 27 poeng | 1,23 |
1992 | 12 lag | 11. plass | 20 poeng | 0,91 |
1994 | 12 lag | 11. plass | 22 poeng | 1,0 |
1997 | 14 lag | 11. plass | 29 poeng | 1,12 |
1998 | 14 lag | 14. plass | 16 poeng | 0,62 |
2001 | 14 lag | 8. plass | 32 poeng | 1,23 |
2002 | 14 lag | 11. plass | 30 poeng | 1,15 |
2003 | 14 lag | 8. plass | 35 poeng | 1,35 |
2004 | 14 lag | 14. plass | 22 poeng | 0,85 |
2011 | 16 lag | 14. plass | 34 poeng | 1,13 |
2012 | 16 lag | 12. plass | 34 poeng | 1,13 |
2013 | 16 lag | 12. plass | 33 poeng | 1,1 |
2014 | 16 lag | 15. plass | 22 poeng | 0,73 |
2016 | 16 lag | 9. plass | 34 poeng | 1,36 i snitt |
(Kjelde: altomfotball.no)