Kåringa Kommune-NM er ei rangering av norske kommunar etter kor berekraftige og attraktive dei er. Kåringa er gjennomført av NHO og Vista Analyse, og omtalt i Dagens Næringsliv.
Blant kriteria dei undersøkjer er alderssamansettinga, og der kjem nordhordlandskommunen Fedje verst ut. For kvar eldre person, i aldersgruppa 60– 65, er det berre 0,53 personar i gruppa 19– 24 år.
- Les også: Kommentar: Er NHO Norgesmester i juks?
– Det er eit stort problem når så mange unge forsvinn frå kommunane. Ein mistar påfyll av ny kompetanse og grunnlag for verdiskaping. Dessutan heng høg eldreandel ofte saman med lågt inntekts- og utdanningsnivå, seier Lars-Erik Borge, professor ved Institutt for samfunnsøkonomi på NTNU i Trondheim til Dagens Næringsliv.
Sogndal er den «yngste» kommunen, og har 1,84 yngre personar for kvar eldre. Topp ti-lista over yngste kommunar er dominert av høgskule- og universitetsbyar.
Fedje hamna samanlagt på 399. plass av 428 kommunar. Sogndal vart nummer 15 i kåringa. (©NPK)