Sogn: – Det er særleg to bransjar me er uroa for i fylket, reiseliv og leverandørindustrien, spesielt martim og offshore leverandørindustri. For begge næringar håpar eg at dagens tildelig vil hjelpe, seier Tor André Ljosland, leiar av hovedutval for næring i Vestland fylkeskommune.
Det er frykta at Vestlandet er den landsdelen som vert hardast ramma av krisa, spesielt på lenger sikt.
Sogndal får mest tilskot og Gulen får minst
I reiselivsbransjen er det turistverksemder som satsar på aktivitetar som har sterkast vekst. Til dømes versksemder som tilbyr guida turar med overnatting, gardsturisme, kajakkutleige eller stikkhopp.
Desse kommunane har fått støtte:
Sogndal: 2 440 513 kroner
Aurland: 1 672 102 kroner
Luster: 1 507 161 kroner
Årdal: 1 311 739 kroner
Høyanger: 1 048 829 kroner
Vik: 828 261 kroner
Lærdal: 753 511 kroner
Gulen: 422 816 kroner
På verdensbasis har slike tilbod størst markedspotensiale, og det er dette som gjer Vestlandet til eit attraktivt reisemål.
– Mange som driv desse turistverksemdene er ofte nystarta. Då har dei ingen omsetning å vise til i fjor og oppfyller heller ikkje krava for å få utbetalt kontantstøtte, seier Ljosland.
Han meiner det er svært viktig at kommunene er merksame på slike verksemder i tida framover.
Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som har gitt tilskotet til vidare fordeling av fylkeskommunen.