Norsk forbrukarar kan stort sett stola på at maten dei finn i butikkhyllene er trygg.   (Foto: Sian O'Hara / NPK)
Norsk forbrukarar kan stort sett stola på at maten dei finn i butikkhyllene er trygg. (Foto: Sian O'Hara / NPK) (Bilde: Sian O'Hara)

Sogndal får ansvar for butikkstøtteordning

Distriktssenteret i Sogndal får frå 1. januar 2019 ansvar for det statlege Merkur-programmet som tilbyr støtte til å utvikla lokalbutikkar i Distrikts-Noreg. 

Det fortel avdelingsleiar Steinar Fredheim ved avdelinga til Distriktssenteret i Sogndal til 
 
Merkur-programmet er ei støtteordning i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet har for å utvikla og styrkja butikkar i distriktet.
 
Fredheim forklarer at det mellom anna blir arbeidd med å styrkja nærbutikken ved å gje butikkane fleire tilleggsoppgåver.
 

– Kommunane kan til dømes leggja nokre av tenestene sine til butikken og styrkja nærleiken mellom brukarane og kommunen. Me ser også føre oss at butikken kan ta vare på sosiale tilbod og tenester inn mot turisme, seier Fredheim.

Han håpar koplinga mellom Merkurprogrammet og Distriktssenteret blir positiv for distrikta.

– Merkur sit på butikkompetansen, Distriktssenteret sit med kunnskap om og kompetanse på distrikt og kommunar. Klarar me å samordna og utnytta all den kompetansen til å skapa lokal utvikling, har me oppnådd noko, seier han.

Ifylgje Sogn Avis er det enno ikkje avgjort om planane fører til at Distriktssenteret i Sogndal får fleire tilsette.

 
Til toppen