FÅR MILLIONSTØTTE: Sogndal kommune får 4,85 millionar av staten til helsestasjonen og skulehelsetenesta.
FÅR MILLIONSTØTTE: Sogndal kommune får 4,85 millionar av staten til helsestasjonen og skulehelsetenesta.

Sogndal får mest i fylket til styrking av helsestasjonen og skulehelsetenesta

Kommunen får over tre gangar meir statlege kroner enn nestemann på lista.

Indre Sogn: I år har regjeringspartia og KrF løyvd over 307 millionar kroner i øyremerka tilskot til helsestasjonane og skulehelsetenesta. Alle som har fått har søkt om å få tildelingar.

Her i fylket får Sogndal den klart største potten, heile 4,9 millionar kroner. Aurland får tett opp mot ein million, medan Leikanger får 330.000 kroner. 

– Dette er flott, med slike midlar får tenesteeininga høve til fagleg utvikling og moglegheit til å utvikla tenestene våre. Me jobbar godt i Sogndal, seier Elin Henjesand Kvam, leiande helsesøster i Sogndal kommune.

Òg frå politisk hald blir nyheita godt motteken. 

– Det er svært bra at regjeringa gjennom fleire år har styrka helsestasjonane og skulehelsetenesta. At Aurland, Sogndal og Leikanger no får ei ekstraløyving, betyr at me kan nå fleire og gje eit sterkare lågterskeltilbod for born og unge. Førebyggjing er utruleg viktig, skriv eit knippe lokalpolitikarar i Sogn i ei felles pressemelding.

Det er Noralv Distad (H) i Aurland, varaordførar Trude Risnes (V) i Leikanger og gruppeleiarane Eva Ramstad (V), Einar Vatlestad (H), Rita Navarsete (Frp) og Margrete Haug (KrF) i Sogndal.

Desse kommunane fekk støtte i Sogn og Fjordane:

  • Sogndal: 4 850 000 kroner
  • Eid: 1 535 000 kroner
  • Flora: 1 500 000 kroner
  • Førde: 1 339 316 kroner
  • Aurland: 950 000 kroner
  • Gloppen: 700 000 kroner
  • Vågsøy: 645 585 kroner
  • Fjaler: 620 ooo  kroner
  • Gulen: 430 000 kroner
  • Stryn: 420 000 kroner
  • Jølster: 379 000 kroner
  • Leikanger: 330 000 kroner
  • Hyllestad: 255 000 kroner
  • Høyanger: 250 000 kroner
Til toppen