FORSKING: – Det nye Vestland fylke vil fungera som eit levande laboratorium for å skaffa ny og brukarretta kunnskap om korleis samfunnet best kan redusera skadene av klimaendringane, sier leiar for senteret, Carlo Aall.
FORSKING: – Det nye Vestland fylke vil fungera som eit levande laboratorium for å skaffa ny og brukarretta kunnskap om korleis samfunnet best kan redusera skadene av klimaendringane, sier leiar for senteret, Carlo Aall. (Foto: Bård Basberg)

STATSBUDSJETTET

Får 10 millionar til nasjonalt senter for klimatilpassing – skal hjelpa samfunnet å tåla endringene

Kristeleg folkeparti sikra at det blir satt av 10 millionar kroner i statsbudsjettet 2019 til oppstart av senteret, og etter det 5 millioner kroner årleg. Det kjem fram i ei pressemelding frå Vestlandsforsking.

Sogndal: I samarbeid med ei rekkje faglege partnarar, skal Vestlandsforsking etablere eit nasjonalt kunnskapssenter om bærekraftig klimatilpasning.

Senteret er lagt midt i regionen som so langt har blitt hardast ramma av klimaendringar, ifølgje forskarane.

– Det nye Vestland fylke vil fungera som eit levande laboratorium for å skaffa ny og brukarretta kunnskap om korleis samfunnet best kan redusera skadene av klimaendringane, sier leiar for senteret, Carlo Aall.

Halvor Dannevig i Vestlandsforsking er einig. 

– Samfunnet har mykje kunnskap om korleis klimaet vil endra seg og kva konsekvensar det kan få for natur og samfunn. Men me ligg langt etter når det gjeld kunnskap om korleis samfunnet kan tilpassa seg dette, seier Dannevig.

Senteret vil bli formelt åpnet i Sogndal 7 desember.

Veit konsekvensar, men ikkje korleis me skal tilpassa oss dei

– Ordet bærekraft betyr at klimatilpasning må vera i tråd med målet om ei bærekraftig utvikling. Det må difor ikkje føra til auke i klimagassutslepp eller tap av biologisk mangfald, seier Aall vidare.

Senteret får Vestlandsforsking i Sogndal som vertsinstitusjon. Det vil òg ha ei rekkje av dei fremste faglege institusjonane på området som partnarar.

Desse er invitert inn i senteret:

  • CICERO Senter for klimaforskning,
  • Høgskulen på Vestlandet,
  • NTNU Institutt for geografi,
  • Universitetet i Bergen ved Senter for klima og energiomstilling,
  • NORCE Klima,
  • NORCE Samfunn, og
  • Nordlandsforskning.

Senteret starta arbeidet i haust med midlar fra Sogn og Fjordane fylkeskommune, men mangla ei langsiktig finansiering.

– Me har som mål å ha ein leiande nasjonal posisjon på området klimatilpassing, og denne anerkjenninga med bevilgning over statsbudsjettet gjer dette mogleg, seier Merete Lunde, direktør ved Vestlandsforsking.

Til toppen