TENKJER STORT: Ein ny buldrehall gjer at klatrarane endeleg får sin heilt eigen tumleplass i hjørnet av Sognahallen, døgnope for dei med tilgang. Illustrasjon: Idrettssenteret/Tjelmeland Friksjon.
TENKJER STORT: Ein ny buldrehall gjer at klatrarane endeleg får sin heilt eigen tumleplass i hjørnet av Sognahallen, døgnope for dei med tilgang. Illustrasjon: Idrettssenteret/Tjelmeland Friksjon.

Sogndal får topp moderne klatresenter

– Anlegget blir fullt på høgde med det beste ellers i landet, seier leiaren for prosjektet.

Sogndal: – Kapasiteten er heilt sprengt, folk står meir eller mindre oppå einannan, seier Jarle Kalland, avdelingsleiar for klatring på Idrettssenteret, ei avdeling som snart skal stå på eigne bein under namnet Sogndal klatresenter. 

SATSAR STORT: Jarle Kalland i Idrettssenteret seier det nye anlegget vil framstå som topp moderne når det er ferdig. Ei stor auke i interessa for klatring har framprovosert utvidinga.
SATSAR STORT: Jarle Kalland i Idrettssenteret seier det nye anlegget vil framstå som topp moderne når det er ferdig. Ei stor auke i interessa for klatring har framprovosert utvidinga.

Problemet han skildrar er den viktigaste grunnen til at dei neste sommar skal ha bygd ferdig ein splitter ny buldrehall, samt sette opp ny speedvegg og kursvegg på same kortsida i Sognehallen der klatreveggane er i dag.

Her er det meininga at barn, studentar og den jamne mosjonisten skal få fleire hundre nye kvadratmeter å boltre seg på. 

– Den gamle klatreveggen, den store bratte veggen, er framleis noko av det råaste som finst i Norge. Men den er litt for bratt og voldsam for nybyrjarar og dei litt yngre klatrarane, seier Kalland.

Les også: Denne gjengen fekk testa nye grenser i klatreveggen
Les også: Gull og sølv til klatreduoen frå Sogndal

MEIR PLASS: Dei to veggane i blått skal stå ferdige til neste år og vere tilpassa den jamne hobbyklatraren og nybyrjarar, samtidig som den eine veggen vil kunne brukast til den komande OL-greina speedklatring. Illustrasjon: Idrettssenteret.
MEIR PLASS: Dei to veggane i blått skal stå ferdige til neste år og vere tilpassa den jamne hobbyklatraren og nybyrjarar, samtidig som den eine veggen vil kunne brukast til den komande OL-greina speedklatring. Illustrasjon: Idrettssenteret.

Litt for dei proffe, mest for massane

Klatring blir OL-grein i 2020, med speedklatring som ein av tre øvingar. Det er mange talentfulle klatrarar i Sogndal, og med ein framtidig speedvegg skulle alt liggje til rette òg for dei med OL-ambisjonar.

Her vil ta i bruk eit auto belay-system, eller sjølvsikring, som meir eller mindre fungerer som eit bilbelte som strammar etter kvart som du klatrar og som hindrar deg i å dette rett i bakken når du mistar grepet.

– Potensielt kan du sette verdsrekord på den veggen og det er veldig få av dei i Norge. Det er litt nytt klatreverda, men kjem til å komme meir no med klatring som OL-grein, seier Kalland.

Les også: Råsterk klatreprestasjon av Håvard (17) frå Sogndal

Buldrehallen blir seksten meter lang, elleve meter brei og seks meter høg, med ein stor buldrestein i midten og småsteinar tilrettelagde for barneklatring rundt omkring. Den vil bli bygd i ein boks med glasfasade på utsida av Sognahallen, i det hjørnet som vender ned mot elva og opp mot Kvåle.  

GJENNOMSIKTIG: Glasfasaden gjer at nysgjerrige forbipasserande fort kan bli frista til å ta ein buldretur. Illustrasjon: Idretssenteret.
GJENNOMSIKTIG: Glasfasaden gjer at nysgjerrige forbipasserande fort kan bli frista til å ta ein buldretur. Illustrasjon: Idretssenteret.

– Det blir døgnope og ein plass du kan lukke døra og drive på uforstyrra frå all anna aktivitet i hallen, seier Kalland.

Kapasiteten er sprengt

Dei siste åra har klatreinteressa i Sogndal eksplodert. I 2010 hadde idrettssenteret rundt 4000 besøkande i klatreveggen. Rett nok var tellinga litt meir omtrentleg enn i dag, men auken er uansett formidabel: i fjor var hadde talet besøkande auka til 16 650.

Og det verkar ikkje som det stoppar der. Besøkstalet dei første tre månadane i år har auka med 60 prosent samanlikna med dei same månadane i fjor.

– Det er buldreveggen og kursveggen som er mest brukt og det er der vi har kapasitetsutfordring. Det er noko vi ønskjer å utvide, seier Kalland.

Målet er et klatresenteret skal framstå som topp moderne og tilfredstille krava til dagens kresne idrettssenterklatrarar.

– Det er litt anleis i dag enn på nittitalet når ein trente rundt i nokre skitne kjellarar, seier Kalland

Høgskulen kan bli eit mekka for klatreforsking

Men minst like viktig meiner han det er å fylle senteret med innhald. Her får forsking og undervising ei sentral rolle. I lag med Høgskulen har klatresenteret tenkt å verte eit kompetansesenter som kan bidra med forsking og studiar på klatring.

– Med eit moderne anlegg, det beste av praktisk kompetanse i Sogndal klatreklubb og den akademiske kompetansen i Høgskulen, er det eit stort potensial til å ta føring nasjonalt og internasjonalt på dette området, seier Kalland.

Prisen berre for klatreveggane er forventa å koste opp mot tre millionar, i tillegg til tilbygget med glasfasade som buldrehallen skal husast i.

Det står nokre detaljar att før finansieringa er heilt på plass, men etter planen skal Sognahallen AS låne pengane og stå for bygginga, medan Idrettssenteret betaler husleiga. Den vil i tur få ei kraftig auke, noko som forutset eit spleiselag med kommunen, folkehøgskulen, klatreklubben og høgskulen, som er dei flittigaste brukarane dei fem første dritfsåra.

Til toppen