HØGE SVEV: Sogndal vart nokre nummer for store i kveldens oppgjer mot Bjørn. Til slutt stod det 41-16 på måltavla.
HØGE SVEV: Sogndal vart nokre nummer for store i kveldens oppgjer mot Bjørn. Til slutt stod det 41-16 på måltavla.

Sogndal feira serietittelen etter nytt målkalas

Sigeren mot Bjørn i kveld betyr at kun mikroskopiske sjansar kan ta frå Sogndal serietittelen.

Sogndal - Bjørn: 41-16

– Jentene har gjennomført ein kjempegod sesong fram til no. Det skal veldig mykje til for at vi ikkje får den kvalikkampen. Jentene har gjort det kjempebra, eg er kjempestolt av alle saman, seier trenar Ole Kristian Gjerstad.

SVEVAR HØGT: Sogndal tok førsteplassen etter kveldens siger mot Bjørn, men enno ventar eit siste hinder før opprykket er sikra.
SVEVAR HØGT: Sogndal tok førsteplassen etter kveldens siger mot Bjørn, men enno ventar eit siste hinder før opprykket er sikra.

Handballdamene til Sogndal er i praksis seriemeistrar fire rundar før slutt. Etter kveldens siger leiar dei med seks poeng ned til Jotun på andre og årdølene har berre seks poeng att å kjempe om. I tillegg har Sogndal ein kamp i reserve og over to hundre mål å gå på i målforskjell.

– Det går mot opprykkskamp, så får vi sjå korleis det går. Eg håpar det blir spel i tredjedivisjon til neste år, for dette er ikkje noko moro. Verken for dei vi spelar mot eller oss, seier Sølvi Skartun Tuftene etter braksigeren.

Det var jamspelt eit par minutt, så tok Sogndal grep om kampen. Etter kvart byrja måla å renne inn og til pause stod det 23-8. I andreomgang heldt heimelaget fram i same stil og anført av toppscorar Vilde Nordlid cruisa dei inn til ein svært så komfortabel siger 41-16.

Dermed ventar opprykkskamp mot anten BSI eller NHHI i den andre avdelinga. Der får serievinnaren direkte opprykk, medan toarlaget altså må ut i kvalifisering mot Sogndal.

– Det betyr mykje. No kan vi flytte fokuset fram mot den kampen og bu oss mentalt. Det er berre å kose seg i dei siste kampane, så det ser me fram til, seier Skartun Tuftene.

– Nivået i Hordaland er mykje tøffare enn i Sogn og Fjordane, så vi veit det blir god motstand. Men vi har eit forbanna bra lag sjølv òg, så vi skal i allefall krige om den plassen, seier trenar Ole Kristian Gjerstad.

Til toppen