MÅL: Andreas Hoven skåra i opningskampen i OBOS-ligaen, hans tredje for Sogndal sidan overgangen i fjor sommar.
MÅL: Andreas Hoven skåra i opningskampen i OBOS-ligaen, hans tredje for Sogndal sidan overgangen i fjor sommar. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Sogndal fekk full pott i opningskampen

Fem debutantar, fire forskjellige målskårarar, tre poeng, andreplass på tabellen er lik eitt stykke solid sesongopning.

Åsane-Sogndal: 1-4 (1-1)

Laga gjekk til pause med 1-1, etter at Endre Kupen hadde ført Sogndal i leiinga med si første skåring for laget tidleg i kampen.

Men i andre omgang losna det skikkeleg for sogndølene, som starta med heile fem debutantar. I tur og orden sørga Alioune Ndour, Daniel Eid og Andreas Hoven for at dei blei ei pangopning på sesongen for bortelaget.

Sivert Mannsverk spelte med kapteinsbandet på armen, og stod for ein strålande assist då Eid auka til 3-1. Eit par minutt før slutt vart årdølen bytta ut for sambygding Eirik Lereng.

Neste kamp er heime mot Ull/Kisa på måndag. Dei óg fekk ein draumestart fredag med siger 4-0 mot Strømmen. Dei tre andre favorittane til å rykka opp, Lillestrøm, Ranheim og Tromsø, vann alle sine kampar.

 
Til toppen